Bordalsgjelet vintervandring

Ein kort guida vandretur på Voss

Over Prestegardslandet langs Vangsvatnet

Har du knapt med tid, men lyst på ei minneverdig turoppleving nær Voss? Då er denne turen for deg!

Vår guida vandretur til det ville Bordalsgjelet tek om lag 3 timar og kan tingast kvar dag i vintersesongen.

 

Møt oss på kontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé midt på Torget. Der har vi ekstra varme klær til utlån om det trengst. Voss kan vere ein kald stad om vinteren - særleg når vinden hentar fart over Vangsvatnet. 

Turen går gjennom Voss sentrum fram til munninga av Bordalen, der Bordalselvi har gravd ut ei dyp fure i terrenget og skapt store jettegryter nær elva langt der nede. Imponerande og vakkert! Med vår erfarne guide får du ein lærerik tur. Vi tek opp tema som geologi og historie, livet på Voss og i Norge. 

Turen er lettgått og passar for alle. Vi går sakte, held saman, og tek fleire pauser for å bli kjend med kvarandre og med området. Turen går rett på utsida av bygdesenteret Vossavangen.

Sesong

Daglege turar i perioden 1.desember til 10.april. 

 

​Praktiske detaljar

Møt opp utanfor vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00. Turen tek om lag 3 timar og avsluttast same staden som han starta. 

 

Turen er enkel å kombinere med eit opphald i Bergen. Om du kjem til Voss med 8.39-toget frå Bergen på turdagen, rekk du akkurat fram til oss i tide.

Krav til deltakarar

Denne turen passar for dei fleste. Du treng ikkje å vere i god form. Turen går i lett terreng, i hovudsak langs grusvegar og på gode stiar. Du bør ha godt fottøy og vere vand med å vere ute om vinteren, da det ofte er isete langs ruta. Været kan ôg bli kaldt og vått. 

 

Naudsynt bekledning og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode og varme sko eller støvlar.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Ullundertøy. 

  • Vandrestavar er ein god idé. Kan lånast av oss. 

  • Lue og vottar/hanskar. 

 

​​

​Prisar og vilkår

Prisen for vaksne er kr 750 per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 550 per person. Nedre aldersgrense er 7 år. Trykk på knappen "Kjøp plass på tur nå" for å reservere plass. 

 

Gruppestorleik: 1-20 deltakarar. Ved fleire enn 12 deltakarar blir det med to guidar på turen. 

Inkludert i prisen:

  • Følgje av ein erfaren, fleirspråkleg guide på heile turen.

  • Snacks og varm kakao.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Isbroddar, hovudlykt og vandrestavar om naudsynt. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Reisa til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

​​​

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din deler gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale verksemder.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvenleg ferdsle og auke din kunnskap om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferdsle i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Bordalsgjelet turdetaljar

Samla distanse: Om lag 7 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 3 timar totalt.  

Samla stigning: 50 meter. 

Turgradering: Enkel (grøn). 

Familievenleg: Ja, for born som har fylt sju år.