Wild Voss logo

Breiskrednosi og Rimstigen

 1189 meter over Nærøyfjorden

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden, og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gardar og små grender med fast busetting. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden ein velfortjent plass på UNESCO si verdsarvliste. 

Frå Breiskrednosi får du verdsarven frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden. 

 

Turskildring

Etter ein liten times køyretur frå Voss ankommer vi Bakka ved Nærøyfjorden (Google kart). Vegen endar her, og vi finn parkering nær starten av Rimstigen.  Vi følgjer Rimstigen i bratte slyng opp mot den vakre fossen i Tufteelvi. Etter kvart som vi vinn høgde, blir utsikta meir og meir storslagen. Ved 700 meters høgde flatar stien ut, da vi går inn i hengedalen mot Rimstigbotnen og Skarsbakkane.  Kan hende passar det med ein pust i bakken her? Stien går vidare forbi Skarsvotni og over Rimstigfjellet før vi nærmar oss den ville toppen av Breiskrednosi. Heldigvis er den siste oppstiginga snillare enn ved første augekast.

 

På toppen av Breiskrednosi unnar vi oss ein god kvil og god mat medan vi beundrar den ugløymelege utsikta. Returen går same vegen tilbake. 

Alternativ rute: Breidalen - Breiskrednosi over Vardane. 

Denne turen startar høgare til fjells, og gjev litt færre høgdemeter. Ruta er ikkje like bratt, men går høgt til fjells. Etter ein times kjøretur frå Voss har vi passert gjennom den vakre Jordalen. Bilen parkerar vi nær stølen Breidalen, om lag 750 meter over havet. Her startar turen vår. Vi følger ein umerka sti austover mot vasskiljet mellom Jordalen og Nærøyfjorden. Her er frodig beitelandskap og flott fjellterreng. Vi vinn høgde mot Vardane, og fortsetter over Rimstigfjellet mot den stadig meir markerte toppen Breiskrednosi. Her er det ikkje uvanleg å sjå reinsdyr. Undervegs legg vi merke til korleis naturen endrar karakter. Frå dei avrunda fjella i Jordalen til eit forrevent fjordlandskap. 

Val av rute heng saman med gruppas ønsker og dei rådande vêr og føretilhøve. 

Kvifor bli med på denne turen?

Dette fjellområdet er vilt og vakkert, med natur som i stor grad er inntakt og utan inngrep. Ruta frå Bakka til Breiskrednosi er ein av dei flottaste stiane i fjordnaturen vår! På vegen over fjellet passerer vi gamle fangstanlegg for reinsdyrjakt. Utsikta frå Breiskrednosi vil du hugse lenge. Uansett kva rute ein vel, så er dette ein dryg tur i barske fjellstrok, så det gjelds å bu seg godt og disponere kreftene rett. Om veret tetnar på returen, kan det vere vrient å finne vegen ned att. 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Maksimal gruppestorleik er 5 personar, inkludert guiden.

  • Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.

  • Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.

  • Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

Sesong

Daglege avgangar i perioden 23.juni til 15.oktober. 

Krav til deltakarar

Dette er ein lang vandretur i flott høgfjellsterreng. Vêret kan bli friskt, og snøbyger er ikkje uvanleg sjølv midt på sommaren. Du bør vere i nokonlunde god turform og ha gått turar utanfor stiar i høgfjellet før. Turen er ikkje teknisk krevjande. Breiskrednosi har eit luftig stup, men du veljer sjølv kor luftig du vil ha det på toppen.

Naudsynte klede og utstyr

På turen treng du:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Liten ryggsekk (ca 20 liter).

  • Ei ekstra t-skjorte.

  • Ekstra ullgenser og/eller lett fleecejakke.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

  • Lue eller caps, vottar.

  • Drikkeflaske og litt tursnacks.

 

​Praktiske detaljar

Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 8.30. Du kan og møte guiden ved parkeringsplassen i Breidalen eller ved p-plass i Bakka

 

​​Vi er attende på Voss omkring kl 19.30.

Prisar og påmelding

Prisen er kr 1890 per person. Trykk på knappen "Kjøp plass på tur nå" for å kjøpe bestille tur. Vi tek atterhald om tilgjengelige guidar i høgsesongen.  Merk at det er minimum 24 timars førehandsbestilling. Ta gjerne kontakt med oss for siste-liten forespurnader. 

 

Gruppestorleik: 1-8 deltakarar.  

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein kompetent guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.  

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår (pdf). Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset. 

Korleis finne fram til Breidalen?

Frå Voss, følg E16 i retning Gudvangen. Etter om lag 40 minutt (37 km), ta av til venstre mot Jordalen (skilt). Frå Gudvangen, følg E16 retning Voss i om lag 8 km. Ta av til høgre mot Jordalen (skilt). 

Like etter avkøyring frå E16, ta til venstre. Etter 100 meter, ta til høgre. Følg tunnelen opp i Jordalen og køyr innover dalen forbi garden Nåsi. Frå Nåsi, følg grusvegen om lag 3,5 km til du får hyttene ved Breidalen nedom vegen. Ta omsyn til beitedyr og lukk att grinder. Parker slik at du ikkje blokker vegen. Hugs å betale vegavgift med kr 50 (kontant eller Vipps) ved brua. Samla køyretid frå Voss: om lag ein time. 

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

Har du spørsmål om turen?

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Turdetaljar for Breiskrednosi frå Bakka

Samla distanse: 16-17 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 9 timar på tur.

Samla stigning: 1450 meter. 

Turgradering: Krevjande (sort). Mykje bratt sti. Kryssing av nokre elvar. Nokre snøfelt. Tidvis røft vêr. 

Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Nei.

Turdetaljar for Breiskrednosi frå Breidalen

Samla distanse: 16-17 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 8 timar på tur.

Samla stigning: 1100 meter. 

Turgradering: Krevjande (sort). Nokre bratte bakkar. Terreng utan sti. Nokre snøfelt. Tidvis røft vêr. 

Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Nei.

Fotograf

Espen Haagensen/ www.mintur-foto.no