Wild Voss logo

Breiskrednosi

1189 meter over Nærøyfjorden

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden, og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gårdar og små grender med fast busetting. Denne unike kombinasjonen av natur og kultur har gitt Nærøyfjorden plass på UNESCO si verdsarvliste. 

Frå Breiskrednosi får du nyte landskapet frå orkesterplass, 1189 meter over fjorden. 

 

Turskildring

Etter ein times kjøretur frå Voss har vi passert gjennom den vakre Jordalen. Bilen parkerar vi nær stølen Breidalen, om lag 750 meter over havet. Her startar turen vår. Vi følger ein umerka sti austover mot vatnskiljet over Nærøyfjorden. Vi vinn høgde mot Vardane, og fortsetter over Rimstigfjellet mot den stadig meir markerte toppen Breiskrednosi. Undervegs legg vi merke til korleis naturen endrar karakter. Frå dei avrunda fjella i Jordalen til eit forrevent fjordlandskap.

 

På toppen av Breiskrednosi unnar vi oss ein god kvil medan vi beundrar den ugløymelege utsikta. Returen går same vegen tilbake til Breidalen.

 

Ein variant av denne turen startar frå fjorden ved Bakka og følger den legendariske Rimstigen til fjells. Dette gir ei tøffare stigning, men er vel verdt slitet. 

 

Kvifor bli med?

Dette fjellområdet er vilt og vakkert, med natur som i stor grad er inntakt og utan inngrep. På vegen over fjellet passerer vi gamle fangstanlegg for reinsdyrjakt. Utsikta frå Breiskrednosi vil du hugse lenge. 

Sesong

Daglege turar i perioden 15.juni til 10.oktober. 

Krav til deltakarar

Dette er ein lang vandretur i flott høgfjellsterreng. Vêret kan bli friskt, og snøbyger er ikkje uvanleg sjølv midt på sommaren. Du bør vere i nokonlunde god turform og ha gått turar utanfor stiar i høgfjellet før. Turen er ikkje teknisk krevjande. Breiskrednosi har eit luftig stup, men du velgjer sjølv om du vil stå ytst på kanten.

Naudsynte klær og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Liten ryggsekk (ca 20 liter).

  • Ei ekstra t-skjorte.

  • Ekstra genser og/eller lett fleecejakke.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

  • Lue eller caps, vottar.

  • Drikkeflaske og litt tursnacks.

 

​Praktiske detaljar

Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 8.00. Du kan og møte guiden ved parkeringsplassen i Breidalen

 

​​Vi er attende på Voss omkring kl 19.

Prisar og vilkår

Prisen er kr 1490 per person. Trykk på knappen "Kjøp plass på turen nå" for å kjøpe plass. 

 

Gruppestorleik: 1-10 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt. 

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein kompetent guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov. 

  • Biltransport til og frå Voss ved behov. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

Korleis finne fram?

Frå Voss, følg E16 i retning Gudvangen. Etter om lag 40 minutt (37 km), ta av til venstre mot Jordalen (skilt). Frå Gudvangen, følg E16 retning Voss i om lag 8 km. Ta av til høgre mot Jordalen (skilt). 

Like etter avkøyring frå E16, ta til venstre. Etter 100 meter, ta til høgre. Følg tunnelen opp i Jordalen og køyr innover dalen forbi garden Nåsi. Frå Nåsi, følg grusvegen om lag 3,5 km til du får hyttene ved Breidalen nedom vegen. Ta omsyn til beitedyr og lukk att grinder. Parker slik at du ikkje blokker vegen. Hugs å betale vegavgift med kr 50 (kun kontant) ved brua. Samla køyretid frå Voss: om lag ein time. 

For reservasjon, spørsmål og anna

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Turdetaljar for Breiskrednosi frå Breidalen

Samla distanse: 15-17 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 8 timar på tur.

Samla stigning: 1100 meter. 

Turgradering: Krevjande (sort). Nokre bratte bakkar. Terreng utan sti. Nokre snøfelt. Tidvis røft vêr. 

Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Nei.

Skarsnosi

I staden for å gå heile vegen til Breiskrednosi, kan ein gjere ein noko kortare tur til Skarsnosi (1470m). Det er ein vakker topp med herleg utsyn, og eit gløtt av Nærøyfjorden langt der nede. Turen til Skarsnosi følger same stien som til Breiskrednosi dei første kilometrane, før vi tek av mot sør ved Vardane. Vi klyv opp ei bratt ur, før enklare høgfjellsterreng tek oss i retning Skarsnosi. Retur same vegen. 

Turdetaljar for Skarsnosi frå Breidalen

Samla distanse: 10 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 5-6 timar på tur.

Samla stigning: 800 meter. 

Turgradering: Krevjande (sort). Nokon bratte bakkar med ur. Terreng utan sti. Nokre snøfelt. Tidvis røft vêr. 

Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Nei.

Fotograf

Espen Haagensen/ www.mintur-foto.no