Dagskurs i kart og kompass

- Finn fram i fjellet i all slags vær

Mjølfjell: 18.juli, 27.juli, 1.august og 10.august. 
Voss (Hangur): 13.juli, 29.juli og 4.august.

Sommarferien er her, og fjellet ligg åpent for utforsking. Dei største naturopplevingane får du utanfor merka løyper og etablerte stiar. Når du ferdast fritt i terrenget legg du i mykje større grad merke til detaljane kring deg: landskap, planter, dyreliv og sporteikn.

 

Gleda over å gå sine eigne vegar er stor, men krevjer kunnskap om orientering med kart og kompass. Vêret skiftar fort, og turen kan bli meir krevjande enn du tenkte. Dette dagskurset gir verdifull basiskunnskap og praktisk trening i lesing av kart og bruk av kompass. 

Orientering i haustfjellet

Om dagskurset

Eit viktig mål med dette dagskurset er at du skal få eit realistisk forhold til dine eigne orienteringsferdigheiter og nokre praktiske råd om korleis du kan få større presisjon i orienteringa. Under kyndig vegleiing får du prøve ut teknikkar som vil gjere fjellturane dine sikrare og gi deg større turglede.

 

Kurset passar for deg som vil gå langturar i høgfjellet frå hytte til hytte, og for deg som har lyst til å utforske naturen fritt, utanfor stiar og merka ruter. Du treng ikkje å ha erfaring med bruk av kart og kompass. Vi tilpassar kursopplegget slik at du får læringsutbytte anten du er nybegynnar eller har erfaring med kart og kompass frå før.

Kursa våre finn stad på Mjølfjell og på Hanguren nær Voss. Finn du ikkje ein dato som passar? Ta kontakt, så ordnar vi eit skreddarsydd kurs for deg og dine!

Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Korleis lese eit vanleg turkart: Teikn og symboler, høgdekurver, avstandar, retningar og terrengformer.

  • Korleis bestemme posisjonen din? Kartet sitt koordinatsystem.

  • Bruk av kompass til å orientere kartet og til å ta ut ein kompasskurs. 

  • Tips og råd om planlegging av ei rute i terrenget. 

  • Effektiv bruk av kart og kompass på tur. Korleis gå på kompasskurs?


Kurset startar med ein teoretisk gjennomgang grunnleggjande moment og avsluttast med ein rundtur i fjellet der du får testa orienteringsferdigheitene. Kurset varer i 6-7 timar. 

Kven kan ha nytte av dette kurset?

  • Du som brukar fjellet til hytteturar og vandreturar både sommar og vinter. 

  • Du som vil auke kunnskapen din om orientering med kart og kompass. 

  • Du som treng ei oppfrisking av gammal kunnskap. 

  • Du som vil invitere resten av familien med på ein kjekk og lærerik dag.

Krav til deltakarar

Deltakarar må vere i normal fysisk form og ha klede og sko tilpassa fjelltur i terrenget. Du må føle deg frisk og vere utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må vere friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Deltakarar må ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

 

 

Naudsynt utstyr

Ta med ein liten dagstursekk med drikkeflaske, regntøy og ein ekstra genser. Hugs gode fjellsko som tåler vått terreng. Wild Voss stiller med kartutskrift, kompass og skrivesaker til alle. Ta gjerne med eige kart og kompass om du har. Kartmappe er ein fordel.

Tid og stad for oppmøte

For kursa på Mjølfjell: Vi møtast utanfor Mjølfjell Ungdomsherberge (Google maps) kl 11.00. Vi avsluttar innan kl 17.00. Kursdatoar: 18.juli, 27.juli, 1.august og 10.august.

For kursa på Hanguren, Voss: Vi møtast utanfor vårt kontor på Tre Brør Kafé og Bar (Google maps) kl 10.00. Etter teoriøkt og lunsj tek vi Gondolbanen til Hangurstoppen, der vi øver på bruk av kart og kompass i terrenget vest for toppen. Vi rundar av innan kl 17.30. Kursdatoar: 13.juli, 29.juli og 4.august

Prisar og vilkår

Dette kurset blir satt opp som eit rabattert introduksjonstilbod sommaren 2021. Prisen er kr 690 per person, og det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs. 

 

Inkludert i kursprisen:

  • Lunsj.

  • Kartutskrift eller lån av kart.

  • Lån av kompass og skrivesaker.

  • 6 timar på kurs med kvalifisert vegleiar. 

  • Ein lett fjelltur med innlagte øvingsmoment.

Ikkje inkludert i kursprisen:

  • Transport til og fra kursstaden.

  • Gondolbanebillett.

  • Parkeringsavgift.

Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass nå". Legg merke til kursstaden på kvar dato. Påmeldingsfrist: 24 timar før kursstart. 

Finn du ikkje ein dato som passar for deg og dine? Kontakt oss, så ser vi om vi finn ei løysing. 

Nedre aldersgrense for dette kurset er 10 år. Vi må ha minst 4 deltakarar for å kunne gjennomføre kurset.

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Desse er oppdatert med særskilte vilkår i høve korona-pandemien.

 

 

Spørsmål?

Elen Fleten er kursleiar på desse kursa. Ho er utdanna Naturguide ved UiT - Norges arktiske universitet i Svolvær. Elen er ein aktiv og erfaren friluftslivsentusiast som elskar langturar både sommar og vinter.

Har du spørsmål, send gjerne epost til Elen: post@wildvoss.no eller ring 97768272 .  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport. Kursa er lagt opp slik at oppmøtetid og kursavslutning skal passe med togavgangar.