• White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Wild Voss AS |  post@wildvoss.no | +47 93484041  | Org nr 916 006 500 

Dagsturar vandring

på_kanten_over_botnen.JPG

Kiellandbu er ei perle. Hytta ligg spektakulært til på kanten av stupet, høgt over Botnen. Ein familievennleg tur i flott Vestlandsnatur - med storslagen utsikt. Turen går i levande kulturlandskap, med vakre blomar og beitedyr like ved stien. 

Daglege avgangar

10. Juni - 20.Oktober

Pris vaksen:

Kr 1590,-

Vanskegrad:

Lett/Middels. 5-6 timar.

Breidskrednosi_fra_toppen_redigert_fotok

Bli med til eit av dei flottaste utsiktspunkta i Noreg! Breiskrednosi ruvar høgt over den smale Nærøyfjorden. Vegen til topps går gjennom urørt høgfjell der reinen vandrar. Frå toppen beundrar vi utsikta til verdsarven - 1189 meter under oss.

På forespurnad

23.juni - 15.oktober

Pris vaksen:

Kr 1890,-

Vanskegrad: 

Tung. 7-9 timar. 

breidskrednosi_nærøyfjorden_fra_Bakka.PN

Ved den vesle bygda Bakka startar den vakre Rimstigen. Stien slynger seg bratt og vilt mot fjellet, høgt over Nærøyfjorden. Ein unik tur i eitt av verdas flottaste fjordlandskap. Guiden vår sikrer ei trygg oppstigning og fortel om den unike kulturarven.

Daglege avgangar

10. Mai - 31.Oktober

Pris vaksen:

Kr 1450,-

Vanskegrad:

Middels. 4-6 timar.

JC_bruker_oks_JonH.jpg

Tømraren Jean-Christophe tek deg med på ein enkel vandretur til ein flott, tradisjonsrik gard. Der fortel han om byggeskikkar og historia på staden. Det handlar om lafting, grindbygg, bruk av verktøy, hogst i skogen, tørrmuring og mykje meir. 

På forespurnad.

1.Juli - 30. Oktober.

Pris vaksen:

Kr 1290,-

Vanskegrad: 

Lett. 3-4 timar. 

vandrer_skog_Sverrestigen_800x600.jpg

Bli med på ein sprek vandretur i historiske omgjevnader! Det var her Kong Sverre og Birkebeinarane flykta austover etter eit mislykka felttog hausten 1177. Ein vill og vakker tur i urørt skog, med herleg utsikt.

Daglege avgangar

10. Mai - 31.Oktober

Pris vaksen:

Kr 1450,-

Vanskegrad:

Middels/Tung. 4-5 timar.

2020-01-15_WV_Bordalsgjelet-Vinter 011.J

Bordalsgjelet

Har du knapt med tid, men lyst på ei minneverdig turoppleving nær Voss? Då er denne turen for deg!

Vår guida vandretur til det ville Bordalsgjelet tek om lag 3 timar og kan tingast kvar dag i sommarsesongen.

Daglege avgangar

1. Juni - 30. Oktober

Pris vaksen:

Kr 750,-

Vanskegrad: 

Lett. 3 timar.