Wild-Voss-Ikon_visittkort.png

Førstehjelp i vinterfjellet

Kurs på Mjølfjell 28.feb - 1.mars 2020

Curso en primeros auxilios

Øv på å løyse reelle situasjonar i vinterfjellet 

Foto: Sigvor D. Mala 

Kursinnhald

Denne helga skal vi trene på pasienthandsaming i vinterfjellet: brotskadar, blødningar, nedkjøling og snøblindheit. Korleis behandle skaden? Kva utstyr krevst? Korleis planlegg me og utfører ei evakuering? Improvisasjon og samarbeid blir viktige element undervegs. 

Kurset kombinerar teori og praksis, der mykje av kurset finn stad ute i fjellet. Årstida og omgjevnadane byr på utfordrande og realistiske kurstilhøve. Vi bur i den sjølvbetjente avdelinga på komfortable Mjølfjell Mountain Lodge (tidlegare Ungdomsherberget). Der lagar vi mat saman, gjennomgår teori og søv i gode, varme senger. 

Krav til deltakarar

Kurset er tilpassa deg som er glad i å vere ute på tur i vinterfjellet, og som vil lære meir om kva som skal til for å ta hand om deg sjølv og dine vener om eit uhell skulle skje. Det krevst ingen forkunnskapar om førstehjelp, men du må ha erfaring frå skiturar i vinterfjellet - anten på fjellski eller toppturski.

 

Plan

Vi møtast på Mjølfjell Mountain Lodge kl 18.00 fredag 28.februar. Dit kjem du med privatbil eller tog (Ørneberget stasjon). Kursleiar koordinerar transport ved behov. Etter innlosjering blir det ei økt med diskusjonar kring ulike akutte situasjonar ein kan kome ut for i vinterfjellet. Fokus blir primærundersøking, pasienthandsaming og evakuering.

Laurdag startar med ein gjennomgang av generell nedkjøling, eit tema som er relevant uansett årstid. Vi skal ôg ut på tur, og den vil du nok hugse. Deltakarane kjem til å gå inn i ulike rollar, til dømes som pasient, men ôg som problematisk turdeltakar. Situasjonane løysast ved improvisasjon. Vi kombinerer teori og praktiske gjennomføringar. Om kvelden evaluerer vi dagen og finn fram til ein felles metode for å løyse ulike situasjonar.

Sundag ligg fokus på praktisk gjennomføring av ulike case, og drilling av metodar for pasienthandsaming. Om tida strekk til, blir det høve til trening på særskilte tema som deltakarane ønsker å lære meir om.

 

Kurset avsluttast innan kl 17 sundag. Deltakarar får kursbevis. 

Utstyr

Du må ha med eige skiutstyr (fjellski med stålkantar eller lett rando/telemarkutstyr). Hugs feller. Ta med hovudlykt, skibriller (goggles), termos og drikkeflaske. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette. Varme klede til kaldt vêr i høgfjellet. Ta med kart, kompass og vindsekk om du har. Skrivesaker er lurt. Alle må ha skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Ta med ditt eige førstehjelpsutstyr, inkludert saks, 3m solid tau/snøre, svarte søppelsekkar, liggeunderlag (gamalt som du kan klippe i) og eventuelt plastfolie.  

 

Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad. Hugs klede til innebruk og toalettsaker.  

Kursleiar

Kursleiar er Jakob Årmann. Han er utdanna sjukepleiar og jobbar som sjukepleiar på ambulansen i Sogndal. Han har teke etterutdanning innan fjellmedisin (ScanDIMM), og har halde fleire slike kurs for mellom anna DNT. Dette er tredje gong han held dette kurset for Wild Voss. 

Overnatting og måltid

Mjølfjell Mountain Lodge ligg ved enden av den vinterbrøyta vegen gjennom Raundalen, om lag 7 km aust for Mjølfjell stasjon. Vi bur i den sjølvbetjente delen (leirskulebygget). Der er bur vi i 2- eller 4 sengs rom. Vi har tilgang til eit velutstyrt kjøkken, dusj, WC og tørkerom. Romma har oppreidde senger.

Kursleiar organiserer innkjøp av felles måltid (frukost, lunsj og middag) til heile gruppa. Dette ordnar vi som eit spleiselag. Alle tar med tursnacks til eige bruk og eventuell drikke til middagane.

 

Pris og vilkår

Kurset kostar kr 3450 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i 20 timar (to heile dagar og to kveldar), alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

Om du i tillegg ynskjer overnatting på Lodgen, kostar det kr 900 per person for to netter. Arrangøren tingar overnatting for deltakarane ved behov. ​Kostnader til måltid og transport kjem i tillegg. ​

Les om vilkår for påmelding og deltaking på våre arrangement. 

Påmeldingsfrist: 24.februar. Kurset har 12 plassar.  

 

Spørsmål og påmelding

Meld deg på ved å trykke knappen "Kjøp plass på kurs nå". Kontakt gjerne Øystein i Wild Voss på telefon 93484041 eller send epost til post@wildvoss.no.

 

Kursleiar kontaktar alle deltakarar med praktisk informasjon i god tid før kurset.