Guida skitur til Breiskrednosi

På ski i urørt natur høgt over Nærøyfjorden

Frå ein av våre turar til Breiskrednosi. 

Hunnalvatn Media - http://hunnalvatn.com/

Har du lyst på ei oppleving utanom det vanlege? Bli med på guida skitur til toppen av Breiskrednosi, fjellet som ruvar 1189 meter over Nærøyfjorden. Ein lang dagstur på ski gjennom storslagen og urørt høgfjellsnatur, med ei utsikt du ikkje vil gløyme.

Om turen

Turen startar frå garden Nåsi, øvst i Jordalen. Dit kjem du med privatbil. Etter eit kort ferdråd legg vi spora våre innover mot Breidalen i lettgått fjellterreng. Derifrå er det jamn stigning opp til om lag 1400 meters høgd. Terrenget flatar ut medan vi siktar austover, og får eit glimt av Breiskrednosi sin karakteristiske brattvegg. Utover Rimstigfjellet går det snøgt unna i slake utforbakkar, og brått har vi den siste stigninga rett framfor oss. Frå skaret vestanfor toppen fylgjer vi snillaste vegen opp, til vi kan nyte den spektakulære utsikta og fjorden 1189 meter under oss. Etter ein god pause peikar vi skituppane attende mot utgangspunktet. Gled deg til den nydelege skikøyringa frå Vardane ned mot Breidalen! Turen er om lag 24 km lang, og inneber 1150 meter samla stigning.

 

 

Krav til deltakarar

Dette er ein lang skitur som krevjer god skidugleik og god turform. Du må vere vand med lange skiturar i høgfjellet, og ha gode klede. Du treng korkje vere idrettsutøvar eller topptrent, men må takle å vere på skitur i 8 timar.

Fra toppen av Breiskrednosi, 1189 meter over Nærøyfjorden. 

Kvifor bli med på ein guida tur?

Guiden førebur turen grundig ved å skaffe ferske rapporter om forventa vær, skredfare og føre. I sekken har guiden din med seg naudsynt utstyr til å løyse ymse situasjonar, til dømes skader etter fall på ski, orientering i dårleg sikt eller utføre reparasjonar ved utstyrssvikt. Guidens røynsle frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak undervegs som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

  

Utstyr:

Du må ha eige skiutstyr (fjellski med heile stålkantar eller lett rando/telemarkutstyr). Hugs feller til skia, skibriller (goggles), termos og drikkeflaske. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, ullsokkar, varm lue, vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad.


 

Om hytta i Breidalen:

Wild Voss driver utleige av ei hytte i Breidalen, på ruta til Breiskrednosi. Om du ynskjer ein litt kortare skitur, og vil oppleve ei natt på «din eigen støl», er du hjarteleg velkomen til å bu her. Det er sengeplass til 8, gassbluss, vedfyring og stearinljos. Vatn frå elva og komfortabel utedo. Flotte bilete teken av Espen Haagensen prydar veggane. Sjekk hyttas profil på AirBnB for booking.
 

Prisar og booking

Turen har ein minstepris på kr 2500, pluss kr 500 per person. Døme: Ei gruppe på 4 betalar totalt kr 4500,-. Inkludert i prisen er naudsynt skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar), tursnacks og turleiing av røynd, lokalkjend guide. Transportkostnader kjem i tillegg. Om du ikkje kan køyre sjølv, hjelp vi deg gjerne med ei løysing. 

 

 

Gruppestorleik

2-8 personar.

Spørsmål:

Send epost til post@wildvoss.no  eller ring Øystein i Wild Voss på telefon +47 93484041 .  

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1, Breinstruktør 1 og NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload

Knut Horvei

Knut er medeigar og styreleiar i Wild Voss. Han er oppvaksen i bygda Bolstadøyri vest for Voss. Han er NF Breinstruktør 1 og har dei siste åra jobba heiltid som fjellførar, mellom anna i TV-serien 71 Grader Nord og som ekspedisjonsleiar for Jarle Trå. Om sommaren driv Knut og med guida laksefiske i Vossovassdraget nær Bolstadøyri. Knut er ein ivrig jegar, skikøyrar, fjellfant og klatrar. 

Please reload

Hytta i Breidalen (høgre) med Smørbotnnuten bak.

Skikøyring ned frå Vardane på veg heim frå Breiskrednosi. Skiglede!

Foto: Espen Haagensen - https://www.mintur-foto.no/ 

Kart som viser ruta til Breiskrednosi(raudt). 
Kilde: UT.no