Handverkaren sin tur

Lær om naturbruk og byggetradisjonar av ein fagmann

Vestlandet er prega av sterke og stolte tradisjonar. Voss er staden der natur møter kultur. Her bur det fagfolk som brukar og gir vidare liv til gamal kunnskap og handverk, frå landbruk til veving. Nokre av dei teknikkane som brukast her har sitt opphav fleire hundre år tilbake i tid.

På Handverkaren sin tur får du gjenoppdage tradisjonar som utan tvil er ein del av den Vestlandske og den norske identiteten, men som no døyr ut i mange regionar.

Turskildring

Tømraren Jean-Christophe tek deg med på vandretur i typisk Vestlandsnatur til ein tradisjonsrike gard. Der fortel han om byggeskikkar og livet knytta til bygningane der. Det handlar om lafting, grindbygg, bruk av verktøy, hogst i skogen, tørrmuring og mykje meir. Det handlar og om korleis ein bygning skal fungere, gjerne samanlikna med moderne bygningar. Og ikkje minst, korleis livet var i slike bygninger før i tida.

På denne kulturhistoriske vandreturen flettar vi og inn ein del naturhistoriske tema mens vi går gjennom skogen, over bekker eller langs landbruksområder. Vi må rekne med å helse på nokre sauer og kyr i løpet av turen. Ta mange spørsmål med på turen, så skal vi finne svar på dem i lag! 

 

Sesong

Denne turen kan tingast i perioden 1.Juli til 30.Oktober. Klikk på knappen "Send oss ein epost" for å reservere tur. Vi tek atterhald om tilgjengelige guidar i høgsesongen. 

 

 

​Praktiske detaljar

​Møt opp på Tre Brør Kafé kl 9.30. Der hilser vi på kvarandre og tek ein rask gjennomgang av bekledning og utstyr. Vi tek buss vidare til startpunktet for turen. Bussturen tek om lag 10 minutt.

Vi er attende på Voss innan kl 16.30.

 

Krav til deltakarar

Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for deg som har lyst til å bruke nokre timar ute på tur i skogterreng. Du treng ikkje å vere i god form for å bli med på denne turen, og terrenget er i all hovudsak enkelt å ta seg fram i.

 

Naudsynt bekledning og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i skog.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Ei ekstra ulltrøye.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

 

​​

​Prisar og vilkår

Prisen for vaksne er kr 1290 per person. Pris for born mellom 9 år og 14 år er kr 850 per person. Nedre aldersgrense er 9 år.

 

Gruppestorleik: 1-12 deltakere. 

Inkludert i prisen:

  • Følgje av ein kompetent handverkar og guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Bussbillettar. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemetode til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterer du våre kjøps- og avtalevilkår.

​​​

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Jean-Christophe på +47 93965538 eller send ein epost til post@wildvoss.no  .