Over Hardangervidda med pulk

Kjenn på naturkreftene

Frå Finse til Haukeliseter. 11-17. mars og 25-31.mars 2019

Bu i telt tett på høgfjellet

Bli med på ei utforsking av Hardangervidda med fjellski, pulk og telt. Opplev det barske høgfjellet og frihetskjensla ved å ta deg fram for eigen maskin i krevjande vinterfjell. Kjenn på tryggleiken ved å vere del av ein kjekk gjeng som trivst på tur i lag. Utfordre deg sjøl og din eigen kunnskap under kyndig vegleiing av lokalkjende og røynde førarar. 

Om turen

Arrangørar av turen er Crister Næss frå Fjellgutane Førarlag og Øystein Ormåsen frå WildVoss. Vinteren 2019 samarbeider vi om to turar med pulk over Hardangervidda. Den fyrste går 11-17.mars, den andre 25-31.mars. Begge turane følger same turplan. 

 

Turen startar med oppmøte på Finse mandag. Her mønstrar vi utstyr, blir kjende med kvarandre og gjennomgår turplanen. Tirsdag startar vår ferd sørover. Dagsetappane blir kring 20 km lange, og vi bur i teltleirar undervegs. Sundag renn vi ned dei siste kneikane til Haukelister og takkar for ein vel utført tur. 

Ein omtrentleg dag-for-dag plan

Planen er retningsgivande, og kan bli endra. Same plan gjeld for begge avgangar. 

Mandag:
Oppmøte og innsjekk på Finsehytta innan kl 13.00. Presentasjon og utstyrsmønstring. Kort skitur med pulk i nærområdet for å sjekke utstyr, trene på rutiner og bli betre kjent. Om kvelden êt vi middag i lag og samlast til ferdråd.

Tirsdag:
Etter frukost startar turen vår sørover. Dagens etappe blir truleg nokså kort, for å sikre at vi kjem godt i gang. Vi tek oss over det utsette fjellområdet aust for Hardangerjøkulen, og set opp telt sør for vasskiljet, nær Finnsbergvatnet. 


Onsdag:
På dag tre passerer vi Krækkja og Fagerheim og kryssar riksveg 7. Det er ei god kjensle å legge siste rest av sivilisasjon bak seg og få den vide og vakre Hardangervidda framom seg.

Torsdag:

Vi fortset turen innover mot det sentrale Hardangervidda. Får vi sjå villreinen, tru? Vi legg skispora våre vest for Heinseter og Rauhelleren, i retning Sandhaug. Deler av strekninga er vi nær den kvista vinterløypa, men for det meste finn vi våre eigen veg. 


Fredag:
Kviledag. Etter tre dagar med forflytning kan det vere lurt å kvile kroppen. Vi bør nå ha etablert leir ein stad aust for Sandhaug. 

Laurdag: ,
Denne dagen forlet vi den slake, "snillare" delen av Vidda og går vestover inn i den villare og meir kuperte sørlege delen. Vi følger vassdrag og åpne dalar i så stor grad som mogeleg, mens vi nærmar oss den kvista løypa frå Hellevassbu til Haukelisæter. 

Sundag:

Den siste etappen til Haukeliseter vil følge den kvista løypa.  Først langs den naturlege ledelinja som heiter Bordavassdraget, deretter over dei seige kneikane vest for Vesle Nup. Til slutt gjeld det å halde kontroll på kropp og pulk ned dei lange bakkane mot Haukeliseter. Der avsluttar vi turen med middag og turevaluering. 
 

 

Krav til deltakarar

Dette er ein lang skitur som stiller krav til skidugleik og turform. Du må vere vand med skiturar på fjellski utanfor preparerte spor i vinterfjellet, og ha gode klede. Du treng korkje vere idrettsutøvar eller topptrent, men du må tole å vere på skitur og trekke pulk med ca 40 kg last i 8 timar. Du har vore ute ei vinternatt før.
 

Kveldsstemning på Hardangervidda

Kvifor bli med på denne turen?

Hardangervidda er eit unikt fjellområde. Det store, samanhengande snaufjellet utgjer fastlands-Noreg sin største nasjonalpark.  Oppe på fjellplatået finn vi Europas største stamme av villrein. Vinterstid er det ofte barske vertilhøve på Hardangervidda, og det kan vere krevjande å ta seg over fjellet på ski. Som deltakar på denne turen blir du del av eit felleskap som saman sikrar ein trygg og minnerik skitur for kvarandre. 

Guidane førebur turen grundig ved å skaffe ferske rapportar om forventa vær og føre. Guidane gjer vurderingar undervegs, og treff tiltak som tek omsyn til gruppa og sikrar effektiv framdrift. På denne turen kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet, ved å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på tur i vinterfjellet.

  

Utstyr:

Du må ha solid fjellskiutstyr som du er kjend med. Skia må ha stålkantar. Gode, varme skistøvlar som du har brukt fleire gonger er særs viktig. Detaljert pakkeliste sendast ut til deltakarar i god tid før turen. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om utstyr og førebuingar til turen. 

Arrangør stiller med alt naudsynt ekspedisjonsutstyr til den einskilde (pulk, telt, brennar, drivstoff, kjelar, sikkerheitsutstyr og mat).


 

Prisar og booking:

Ta kontakt på epost eller ring oss for å reservere plass på turen over Hardangervidda. 

Prisen for turen er i skrivande stund ikkje klar, men vil bli gjort kjend så snøgt som råd. 

Prisen for deltaking inkluderar: 

- turleiing av to røynde guidar som kjenner ruta godt. 

- synfaring av traséen og nitide førebuingar.

- naudsynt ansvarsforsikring for arrangør.

- alt naudsynt ekspedisjonsutstyr (pulkar, telt, kokeapparat, kjelesett, drivstoff).

- alt naudsynt sikkerheitsutstyr (skredutstyr, førstehjelpsutstyr, reparasjonsutstyr).

- alle måltid undervegs på turen (unntatt middag på Haukeliseter sundag). 

- middag, overnatting og frukost på Finsehytta mandag til tirsdag.

Prisen inkluderar ikkje:

- transport til Finse og transport heim frå Haukeliseter.

- særskilde kosthaldstilpasningar for den einskilde.

- personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

 

Gruppestorleik:

6-12 personar. 

Spørsmål:

Ta gjerne kontakt med oss uansett kva du lurar på om turen: 

Fjellgutane Førarlag - Crister Aalberg Næss: post@fjellgutane.com eller telefon: 416 67 596.
Wild Voss AS - Øystein Ormåsen: post@wildvoss.no eller telefon:  934 84 041.

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1, Breinstruktør 1 og NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload