Introduksjonskurs i klatring

- Lær å klatre sikkert og sjølvstendig

SH Voss Logo 472px.gif

Voss, 23-24.mai og 6-7.juni 2020

Dette kurset gir deltakarane ei innføring i teknikkar og ferdigheiter som trengst for å klatre ruter som er sikra med boreboltar. Kurset er praktisk retta med mykje klatretid. Eit viktig mål er at deltakarane skal få føle meistring og glede ved å klatre ute. Etter fullført kurs kan du det som trengst for å klatre saman med vener og familie. 

Opplev gleda ved det bratte friluftslivet

Kursinnhald

Dette kurset tek sikte på å gjere deg i stand til å ivareta eigen tryggleik ved klatring på bolta klatreklippe. Etter fullført kurs vil du meistre grunnleggande metodar for sikker klatring. Kurset passar for deg som vil klatre sjølvstendig saman med vener eller familie. 

​Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Naudsynt og riktig bruk av klatreutstyr.

  • Innbinding og knutar.

  • Kameratsjekk.

  • Bevegelsesmønster og klatreteknikk.

  • Kommunikasjon.

  • Klatring på topptau, klatring på led, rappell og rigging av topptau.

  • Vurdering av faremoment ved utandørs klatring.

  • Litt om boreboltar og toppanker. Borebolter, tradisjon og etikk.

  • Brattkortprøve for dei som ynskjer det og er klare for det.

Krav til deltakarar

Du treng ikkje å ha klatra før. Kurset passar for begynnarar og for dei som har klatra litt inne. Kurset passar godt for deg som har lyst til å introdusere vener eller familie for klatring, men treng ein utsjekk på sikkerheit og metodikk.

 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår. 

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.

  • Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.

  • Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med alt naudsynt sikkerheitsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, karabinarar, taubrems, tau og sko). Du må sjølv stille med gode klede tilpassa vertilhøve. Hugs drikke og solid nistepakke, og gjerne noko snacks. Solkrem og solbriller kan vere lurt når veret er godt.

Praktisk gjennomføring

Laurdag 

Vi møtast kl 9.00 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen!

 

Vi bruker dagen til å klatre på topptau, gjennomfører rappell, og snakkar om naudsynt utstyr, knuter og kameratsjekk. Kursdagen avslutast innan kl 17.

Sundag 

Oppmøte ved Felleskjøpet på Voss (Google kart) kl 9.00. Vi køyrer i privatbilar til klatreklippa som heiter Nåli. Denne ligg ved på Bolstadøyri, om lag 25 minutts køyretid frå Voss. Vi repeterar lærdom frå laurdag, før vi går over til klatring på led på enkle ruter. Særleg fokus på kommunikasjon og sikrarens handgrep. Vi øvar på snuprosedyra på toppen av ei klatrerute. Brattkortprøve mot slutten av dagen for dei som er klare for det.

Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

 

 

Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3790 per person. Medlemmar av Voss Klatrarlag eller Voss Utferdslag får 20% rabatt, og betalar kr 3000,-. Prisen inkluderar 16 timar på kurs med kvalifisert instruktør, alt naudsynt klatreutstyr, brattkortprøve og kursbevis. Kurset har 6 plassar. 

Vår samarbeidspartnar Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss gir deg 20% rabatt ved kjøp av klatreutstyr når du viser fram kursbeviset. 

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på kurs nå". Deltakarar må ha fylt 15 år for å vere med på kurset. Deltakarar under 15 år må ha erklæring frå føresette for å delta.

Les våre vilkår for påmelding og betaling her (pdf). Desse er oppdaterte med omsyn til koronaviruset. ​

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er daglig leiar i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport til og frå kursstaden. 

 

Anbefalt litteratur:

Bok: Innføring i klatring, av Stein Tronstad. Akilles forlag, 2005.

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload