Kiellandbu

- Den magiske hytta på kanten av stupet

Sjå for deg at du vandrar gjennom frodige fjelldalar i tett morgontåke. Stien følger ei stri elv og tek deg over svaiande bruer. Ein stad i tåka høyrer du ei ravn som sender si dystre klagesang utover fjella. Etter ei bratt stigning kjem du til eit flatare område med gras og små myrer. Brått lettar tåka. Framfor deg ligg ei lita hytte, spektakulært plassert ute på kanten av ein bratt skråning. Langt under deg ser du ein smal fjordarm, og i det fjerne: ein krittkvit isbre. Velkomen til Kiellandbu – ein magisk plass.

 

Turskildring

Bli med på ein guida fottur til ein av våre favorittstader! Vi møtast om morgonen på togstasjonen på Voss. Vi hilser på kvarandre og går gjennom turplanen. Ein halvtimes biltur tek oss til turens startpunkt. 

 

Vår vandring byrjar ved den gamle kraftstasjonen på Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet. Det inneber at vi er i fjellterreng heilt frå starten av. Vi følger først ein grusveg sørover medan vi vinn høgde. Deretter tek vi av inn på ein T-merkt sti, som delar seg ved Kvålsdalstjørni. Her kryssar vi den krystallklare elva på ei flott hengebru, før vi held fram sørover mot Hardingaskaret. Vi går nå på ei gamal handelsrute. Vår sti tek av skrått oppover mot Sveindalseggi, og syner eit stadig villare landskap kring oss. Etter eit flatare parti kjem vi til Kiellandbu, som er vårt mål for dagen. Her nyt vi vår velsmakande lunsj laga av lokalproduserte matrettar, medan vi beundrar den strålande utsikta.

 

På heimvegen følger vi anten den same stien tilbake, eller legg spora våre over Sveindalsnuten (1065) for å få enda betre utsikt. Kanskje vi kan freiste med eit friskt bad i eit kjølig fjellvatn på vegen tilbake?

Sesong

Daglege turar i perioden 1.juni til 1.november.

Kvifor bli med?

Kiellandbu er ei perle. Hytta er lett å gå til, her er lite folk, terrenget er variert og vakkert, og utsynet frå hytta er fantastisk. Vi følger ei flott elv store delar av turen, med levande kulturlandskap, vakre blomar og beitedyr like ved stien. 

Praktiske detaljar

Kjem du med tog frå Bergen same dag? Møt på Voss Stasjon kl 10.00. Hvis du allereie er på Voss, møtast vi utanfor kontoret vårt på Tre Brør Kafé kl 9.30.

Vi er attende på Voss kring kl 17.00.

Krav til deltakarar

Denne turen går i all hovudsak i lettgått fjellterreng på T-merkt sti. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.  

 

Naudsynte klær og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Liten ryggsekk (ca 20 liter).

  • Ei ekstra t-skjorte.

  • Ekstra genser eller lett fleecejakke.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

  • Lue eller caps. 

  • Drikkeflaske og litt tursnacks.

  • Ta gjerne med badetøy og handkle til returen. 

 

​​​

​Prisar og vilkår

Prisen for vaksne er kr 1290 per person. Pris for born mellom 9 år og 14 år er kr 750 per person. Nedre aldersgrense er 9 år. Trykk på knappen "Kjøp plass på tur nå" for å kjøpe plass. 

 

Gruppestorleik: 1-12 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt. 

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein kompetent guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov. 

  • Transport til og frå Voss stasjon om naudsynt. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

​​​

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Kiellandbu turdetaljar

Samla distanse: Om lag 12 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 6 timar frå bil til bil. 

Samla stigning: 350 meter. 

Turgradering: Lett (grøn). 

Familievenleg: Ja, for born som har fylt ni år.

Foto øvst på sida:

Espen Haagensen/www.mintur-foto.no