Vidaregåande klatrekurs

- Lær fjellklatring på naturlege sikringar

SH Voss Logo 472px.gif

Kurs på Voss 5-6.juni 2021

Drøymer du om å klatre lange ruter eller bestige spisse fjelltoppar? Har du klatra litt på bolta ruter eller innandørs?  Da vil du ha nytte av dette kurset. Med naturleg sikringsutstyr kan du klatre der det ikkje finst tilrettelegging eller boltar – både i høgfjellet og i låglandet. På dette kurset lærer du korleis. Nøkkelord er sikringshandverk, metodar og taulagsrutiner. Ta klatringa di eit steg vidare og bli ein meir komplett klatrar.

Kursinnhald

Klatring på sikringar som du set sjølv stiller store krav til deg som klatrar. Dei fysiske og mentale utfordringane aukar. Til gjengjeld blir kjensla av meistring enda sterkare. Dette kurset gjer deg i stand til å ivareta eigen tryggleik som andremann i taulaget ved klatring av ruter over fleire taulengder. Etter fullført kurs vil du kunne grunnleggande metodar for naturleg sikra klatring. Kurset passar for deg som vil bli ein meir allsidig klatrar og som vil lære handverket som trengs for klatring i fjellet.

​Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Plassering av ulike naturlege sikringsmiddel.

  • Bygging av ulike typer standplassar.

  • Taulagsrutiner ved klatring av ruter over flere taulengder.

  • Den dynamiske sikringskjeden – kva er det?

  • Rappell frå rappellfeste som du har bygd sjølv.

  • Vurdering av alpine farer. Konsekvenstenking.

  • Planlegging av klatretur.

  • Enkel kameratredning.

  • Klatring på led på naturlege sikringar for dei som er klare for det.

Krav til deltakarar

Du må ha klatra litt før, både ute og inne.  Kurset passar godt for deg som har lyst til å klatre lengre ruter, også i fjellet, etter å ha sanka meir erfaring. Du ynskjer å bli ein meir allsidig klatrar.  

 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår. 

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Deltakarar må ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

 

Naudsynt utstyr

Du har eige klatreutstyr (sele, hjelm, karabinarar, taubrems og sko). Du treng gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs drikke og solid nistepakke, og gjerne noko tursnacks. Solkrem og solbriller er lurt når vêret er godt. Til turdagen sundag treng du solide fjellstøvlar og dagstursekk. Wild Voss stiller med naudsynt sikringsutstyr og klatretau.

Praktisk gjennomføring

Laurdag 

Vi møtast kl 9.00 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen! Lukk att grinder om naudsynt.

 

Vi bruker dagen til å lære om plassering av naturlege sikringar, byggjer standplassar, lærer taulagsrutiner og gjennomfører rappell. Kursdagen avsluttast innan kl 17.

Sundag 

Oppmøte på Staup kl 9.00. Vi går opp i Årdalen under Lønahorgi og trener på klatring over fleire taulengder i alpine omgjevnader. Om vêret er dårleg, tek vi turen til Allmenningane inst i Bordalen i staden. Der finst hittil ukjende og attraktive klatreruter som vi kan utforske. Denne dagen er det eit mål at deltakarane får vere sjølvstendige taulag, med vegleiande instruktør ved sida.

​Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

 

 

Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3490 per person. Prisen inkluderar 16 timar på kurs med kvalifisert instruktør, alt naudsynt sikringsutstyr og kursbevis. Kurset har 4 plassar. Vi treng minst to deltakarar for å gjennomføre kurset.

Vår samarbeidspartnar Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss gir deg 20% rabatt ved kjøp av klatreutstyr når du viser fram kursbeviset. 

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på kurs nå". Deltakarar må ha fylt 18 år for å vere med på kurset.

Les våre vilkår for påmelding og betaling her (pdf). Desse er oppdaterte med omsyn til koronaviruset. ​

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er daglig leiar i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport til og frå kursstaden. 

 

Anbefalt litteratur:

Bok: Innføring i klatring, av Stein Tronstad. Akilles forlag, 2005.

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload

Klatring på naturlige sikringer

Fjellklatring. Klatrer på led.