Privat klatrekurs

- Innhald og tidspunkt som passar for deg

SH Voss Logo 472px.gif

Klatring passar for alle! Nokon liker korte, lette ruter på solvarm klippe i låglandet, medan andre vil lære det som trengst for krevjande klatreturar i høgfjellet. Kunnskap om bruk av tau og klatreutstyr er ein døropnar til gode klatreopplevingar for både små og store. Eit privat klatrekurs sikrar deg eit individuelt tilpassa kursopplegg med rikt læringsutbytte.

Klatring gir bratte gleder

Nærområda til Bergen har rik tilgang på små og store klatrefjell. I havgapet mot vest finn vi stormskurte klipper med nydeleg granitt. I sør ligg Uskedalen og Rosendalsalpane og lokker med super fjellklatring. På Voss kan klatringa kombinerast med spenstige aktivitetar i elva, i lufta eller på sykkel. Vi kjenner desse områda godt, og har fleire års erfaring med å arrangere klatrekurs på ulike nivå.

 

Eit klatrekurs byr på utfordringar, meistring og glede. Med kompetent instruktør og kyndig vegleiing kan du vere trygg på at du kjem heim med kunnskap som gjer deg til ein sikker klatrar. Eit klatrekurs er ein investering i bratte gleder!

Kurstyper

Her er nokre døme på ulike kursformat og kven dei passar for. Våre private kurs tek utgangspunkt i desse, men blir tilpassa deltakarane sine ønske og behov.

Prisar og vilkår

Private kurs blir gjennomført på førespurnad. Prisen heng saman med gruppestorleik, varigheit og grad av tilpassing. Vi tek atterhald om ledig kvalifisert instruktør og oppmodar til å ta kontakt med oss god tid i forvegen. ​

Deltakarar på våre klatrekurs får 20% rabatt ved kjøp av klatreutstyr på Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss ved å vise fram kursbevis. 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår. 

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Deltakarar må ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

Kontakt oss

Send oss ein epost eller ring oss og få svar på spørsmål eller be om eit tilbod på privat klatrekurs: post@wildvoss.no eller telefon +47 93484041.   ​