Klatreoppleving på Staup

- Ein introduksjon til bratt friluftsliv

Klatring på solvarm klippe er herleg! Ved vakre Staup, nokre kilometer utanfor Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på passelege klatreutfordringar for dei fleste. Med riktig utstyr og kompetent vegleiar frå Wild Voss får du høve til å prøve klatring og rappell. 

Opplev gleda ved det bratte friluftslivet

Turskildring

Denne turen byr på ein smakebit av ekte klatring. Like utanfor Voss ligg klatreklippene ved Staup. Her har vi vore med å reinska fjellet og etablert bolta klatreruter som passar for både ferske og meir erfarne klatrarar. Det spesielle med desse klippene er dei naturskjøne omgjevnadane og den korte avstanden til Voss. Høgden på klatreklippene er om lag 20 meter.

Etter ankomst ved klippene vil vegleiaren gjennomgå sikkerheitsrutiner og planen for klatringa. Han/ho går til toppen av klippene og heng opp topptau. Om du har erfaring, kan du sjølv klatre på led og henge opp tau. Deltakarane får prøve seg på klatring tilpassa sitt nivå. Her er ingen krav til prestasjonar. Kvar og ein bestemmer sjølv kor høgt og kor mykje dei vil klatre. 

Det blir og høve til rappell. For å kome i posisjon følgjer vi dei faste taua opp til toppen av klippene. Dette er i seg sjølv ei flott og spannande oppleving, da vi passerar tett på fossen til elva Breimo. Du rappellarar sjølv ned til bakken, med ekstra tausikring frå vegleiaren din. 

Klatreopplevinga kan lett kombinerast med ein vandretur i nærområdet. Det vakre Staupstunet ligg berre nokre steinkast unna, og er vel verdt eit besøk. Stien mot stølane Moldbakken og Breiming startar like ved klippene, og går i flott skogterreng forbi jettegryter og vakre fossar. Vår guide tek deg gjerne med på ein vandretur med omvisning på Staupstunet før eller etter klatringa. 

Sesong

Klatreturar arrangerast i perioden 20.mai til 25.oktober. 

Kvifor bli med på klatring? 

Klatring gir høve til å føle glede og meistring i bratt terreng. Kjensla av høgde kombinert med den fysiske og mentale utfordringa krevjer at ein er konsentrert og løysingsorientert. Klatring er difor ein glimrande måte å tømme hovudet for alt anna - og berre vere til stades i si eiga klatring. 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.

  • Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.

  • Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

Krav til deltakarar

Du treng ikkje å ha klatra før. Denne turen passar for begynnarar, familiar, unge og eldre, spreke eller utrente. Vi legg opp dagen i samsvar med dine føresetnader og ynskjer.  

 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med alt naudsynt sikkerheitsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, tau og sko). Du må sjølv stille med gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs drikke og noko tursnacks. Solkrem og solbriller kan vere lurt når veret er godt. 

Praktiske detaljar

Møt opp på Tre Brør Kafé (Google Maps) kl 9.30. Der hilser vi på kvarandre og tek ein rask gjennomgang av bekledning og utstyr. Vi køyrer til Staup om lag 10 minutt utanfor Voss. Det er og mogeleg å ta buss.

Det er høve til å møte opp direkte ved  klatreklippene på Staup (Google maps). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen!

 

Vi har inga definert tidsramme på sjølve klatringa, da dette heng saman med gruppestorleiken. Vi er tilbake på Voss innan kl 16.00.

Prisar og vilkår

Klatreopplevinga kostar kr 1790,- per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 990 per person. Minste gruppestorleik er 2 personar. For familiar (inntil 3 vaksne og 3 born) er prisen kr 4950,-.

 

Vi har eigne prisar for grupper med 4 eller fleire deltakarar. Ta gjerne kontakt for eit tilbod tilpassa di gruppe.

Inkludert i prisen:

  • Klatring med kompetent vegleiar.

  • Vandretur og/eller omvisning på Staupstunet (valfritt).

  • Eit lett lunsjmåltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Alt naudsynt klatreutstyr.

  • Tilgang til å låne ekstra klede kostnadsfritt ved behov.   

 

Ikkje inkludert i prisen: 

  • Transport frå Voss til klatreklippene.

  • Tog eller annan reisemåte til Voss.​

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår (pdf). Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset. 

 

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå". Born må ha fylt 7 år for å vere med på klatring.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

Har du spørsmål om turen?

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  .