Kveldskurs i klatring

- Lær å klatre sikkert og sjølvstendig

Voss, tysdagar våren 2020

SH Voss Logo 472px.gif

Dette klatrekurset er lagt opp som ein serie med klatrekveldar. I løpet av fem økter over fem veker lærer du det som skal til for å bli ein trygg og sjølvstendig klatrar på utandørs klatreklippe. Dette kurset sikrar deg betre oppfølging og framgang enn eit standard helgekurs. Kurset høver for både begynnarar og dei som har klatra litt frå før.

Opplev gleda ved det bratte friluftslivet

Kursinnhald

Dette kurset tek sikte på å gjere deg i stand til å ivareta eigen tryggleik ved klatring på bolta klatreklippe. Etter fullført kurs vil du meistre grunnleggande metodar for sikker klatring. Kurset passar for deg som vil klatre sjølvstendig saman med vener eller familie. I løpet av kurset blir du kjend med tre ulike klatreklipper nær Voss.

​Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Naudsynt og riktig bruk av klatreutstyr.

  • Innbinding og knutar.

  • Kameratsjekk.

  • Bevegelsesmønster og klatreteknikk.

  • Kommunikasjon.

  • Klatring på topptau, klatring på led, rappell og rigging av topptau.

  • Vurdering av faremoment ved utandørs klatring.

  • Litt om boreboltar og toppanker. Borebolter, tradisjon og etikk.

  • Brattkortprøve for dei som ynskjer det og er klare for det.

Krav til deltakarar

Du treng ikkje å ha klatra før. Kurset passar for begynnarar og for dei som har klatra litt før. Kurset passar særs godt for deg som har lyst til å introdusere vener eller familie for klatring, men treng ein utsjekk på sikkerheit og metodikk.

 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med alt naudsynt sikkerheitsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, karabinarar, taubrems, tau og sko). Du må sjølv stille med gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs drikke og nistepakke eller snacks. Solkrem og solbriller kan vere lurt når veret er godt. Det blir ikkje servering av middag eller annan mat på klatrekveldane. 

Praktisk gjennomføring

Kveld 1: Tysdag 19.mai

Vi møtast kl 17.00 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen! Vi bruker denne økta til å lære om utstyr og knutar, kameratsjekk og til å klatre på topptau. Kurskvelden avsluttast innan kl 21.

Kveld 2: Tysdag 26.mai

Vi møtast kl 17.00 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Vi tek opp att tråden frå forrige økt. Repetisjon av knutar og innbinding og klatring på topptau. Introduksjon til klatring på led og sikring av klatrar på led. Kurskvelden avsluttast innan kl 21.

Kveld 3: Tysdag 2.juni

I dag møtast vi kl 17.00 på p-plassen utanfor Felleskjøpet på Voss (Google kart). Vi går til Raberget, ei lita klatreklippe i Tvildesåsen. Der gjennomfører vi rappell, og riggar til topptau på nokre av rutene ved hjelp av rappell. Kurskvelden avsluttast innan kl 21.

Kveld 4: Tysdag 9.juni

Vi møtast kl 17.00 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Kvelden brukar vi til å trene på klatring på led. Særskilt fokus på kameratsjekk, kommunikasjon og prosedyre for å snu på toppen av ei klatrerute. Kurskvelden avsluttast innan kl 21.

Kveld 5: Tysdag 16.juni

Vi møtast kl 17.00 på p-plassen utanfor Felleskjøpet på Voss (Google kart). Vi køyrer i privatbilar til klatreklippa som heiter Nåli på Bolstadøyri. Ca 30 minutts køyretid. Vi repeterer lærdom frå førre veke, før vi klatrar på led på enkle ruter. Særleg fokus på kommunikasjon og sikrarens handgrep. Vi øvar på snuprosedyra på toppen av ei klatrerute. Brattkortprøve for dei som er klare for det. Vi er tilbake på Voss innan kl 22.00.

Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3790 per person. Medlemmar av Voss Klatrarlag eller Voss Utferdslag får 20% rabatt, og betalar kr 3000,-. Prisen inkluderar komplett kursrekke med 5 kurskveldar (til saman 20 timar) med kvalifisert instruktør, alt naudsynt klatreutstyr, brattkortprøve og kursbevis.

 

Vår samarbeidspartnar Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss gir deg 20% rabatt ved kjøp av klatreutstyr når du viser fram kursbeviset. 

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på kurs nå". Deltakarar må ha fylt 15 år for å vere med på kurset.

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Desse er oppdatert med særskilte vilkår i høve korona-pandemien.

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er daglig leiar i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Carlos Abraldes Szigriszt blir med som instruktørassistent. Han er komen om lag halvvegs i si NF-sertifisering som klatreinstruktør.

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport til og frå kursstadene. 

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload