Lønahorgi frå aust

Majesteten på Voss

 

Like nord for Voss ligg den imponerande Lønahorgi, eller bare "Horgi", som fjellet blir kalla av dei lokale. Med sine 1410 meter over havet er ikkje fjellet høgast på Voss, men ingen av nabofjella kan måle seg med Horgi når det gjeld nærleik, estetikk og karakter. 

Vi likar oppstiginga frå Staup ved Lønevatnet best. Våre guidar tek deg med på ein variert fjelltur frå dyrebeiter og kulturlandskap til goldt høgfjell. Det er og mogeleg å bestige toppen via klatrerutene på Austpillaren. Under finn du tre gode turalternativ som vi gjerne tek deg med på.

A. Stølstur til Årdalen.

B. Bestigning av Lønahorgi over Svartahorgi.

C. Klatretur på austpillaren.

 

 

A. Stølstur til Årdalen

Dette er ein relativt lettgått vandretur i flott turterreng. Her kan heile familien bli med. Fra startpunktet ved gardstunet Staup følger vi ein god sti gjennom skogen til stølen Moldbakken. Undervegs beundrar vi jettegrytene som elva Moldåni har skapt. Vår guide fortel om tradisjonane på staden, mellom anna om den gamle løypestrengen som har ei interessant historie. 

Frå Moldbakken går turen vidare opp mot tregrensa. Oppe over stølen Breiming stig vi inn i det store amfiteateret som heiter Årdalen. Her får vi Lønahorgi sine ville stup på nært hald, og kan beundre den flotte utsikta mot aust. Vi kan ta turen vidare opp mot Svartahorgi (1037), eller rigge oss til for ei utvida pause før vi returnerar til Staup same vegen som vi kom opp. Ein omvisning på det vakre gardstunet høyrar med. Kanskje du får lyst på ein dukkert i ei av jettegrytene?

 

Sesong

Daglege turar i perioden 10.mai til 15.november.

Kvifor bli med?

Dette er ein lettgått tur i variert og flott turterreng. Vi følger vakre fossar, beiteområder og åpen furuskog. Her er naturen meir inntakt enn på sørsida.

 

Undervegs får vi sjå og høre om det flotte gardstunet på Staup, stølstunet Moldbakken, og la oss imponere av Lønahorgi sine ville stup høgt over oss.

 

​Praktiske detaljar

Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00.

​Kjem du med tog frå Bergen? Turen korresponderar godt med toget som har avgang kl 08.39 frå Bergen. 

Vi tek buss frå Voss Tinghus kl 10.10. Bussturen tek om lag 15 minutt. 

Om du ynskjer å køyre privatbil, så avtaler vi det på førehand. 

Vi er attende på Voss kring kl 16.00.

Krav til deltakarar

Denne turen går i all hovudsak i lettgått fjellterreng på T-merkt sti. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.  

 

Naudsynte klær og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Liten ryggsekk (ca 20 liter).

  • Ei ekstra t-skjorte.

  • Ekstra genser eller lett fleecejakke.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

  • Lue eller caps. 

  • Drikkeflaske og litt tursnacks.

  • Ta gjerne med badetøy og handkle til returen. 

 

​​​

​Prisar og vilkår

Prisen for vaksne er kr 1150 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 650 per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Trykk på knappen "Kjøp plass på Stølstur nå" for å kjøpe plass. 

 

Gruppestorleik: 1-12 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt. 

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein kompetent guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov. 

  • Transport med rutebuss til og frå Voss. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

Turdetaljar for Stølstur til Årdalen

Samla distanse: 6-8 km, avhengig av ambisjonsnivå.

Estimert tidsbruk: 4-5 timar på tur. 

Samla stigning: 600 meter (til Årdalen). 

Turgradering: Lett til middels (blå). 

Familievenleg: Ja, for born som har fylt åtte år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Ja. 

Korleis finne fram til Staup med privatbil?

Frå Voss, følg E16 nordover til Løno, om lag 9 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet (skilt), ta av til venstre og følg den bratte grusvegen opp til parkeringsplassen ved det flotte gardstunet Staup

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Foto:

Svein Ulvund - http://www.vossnow.net/

 
 

B. Bestiging av Lønahorgi over Svartahorgi

Denne turen følger same ruta som turen til Årdalen (sjå ovanfor) opp til skoggrensa. Derifrå finn vi vår eigen veg nordover mot fjellryggen som heiter Svartahorgi (1037). Utsikta blir stadig flottare medan vi følger ryggen mot Lønahorgi, med sin ikoniske radiomast på toppen. Om veret tillet, nyt vi ein kvil på toppen, og den framifrå utsikta i alle himmelretningar. 

Returen går anten ned att same vegen som oppstiginga, eller ved å følge grusvegen sørover mot Voss Resort. Distansen blir om lag den same. Gratulerer - du har no gjort ei komplett bestiging av Horgi!

Sesong

Kan tingast dagleg i perioden 15.juni til 15.oktober.

Kvifor bli med?

Dette er ein krevjande og flott tur i variert terreng. Vi følger vakre fossar, beiteområder og åpen furuskog. Her er naturen meir inntakt enn på sørsida.

 

Undervegs får vi sjå og høre om det flotte gardstunet på Staup, stølstunet Moldbakken, og vi kan la oss imponere av Lønahorgi sine ville stup høgt over oss. Frå toppen ser vi langt innover i vakre Stølsheimen, Hardangerjøkulen, Hårteigen og Folgefonna. 

 

​Praktiske detaljar

Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00.

​Kjem du med tog frå Bergen? Turen korresponderar godt med toget som har avgang kl 08.39 frå Bergen. 

Vi tek buss frå Voss Tinghus kl 10.10. Bussturen tek om lag 15 minutt. 

Om du ynskjer å køyre privatbil, så avtaler vi det på førehand. 

Vi er attende på Voss kring kl 19.15.

​​

Krav til deltakarar

Denne turen byrjar i lettgått terreng på god sti, men terrenget blir meir utfordrande over tregrensa. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i god fysisk form og føler deg frisk.  

 

Naudsynte klær og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Liten ryggsekk (ca 20 liter).

  • Ei ekstra t-skjorte.

  • Ekstra genser eller lett fleecejakke.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

  • Lue eller caps. 

  • Drikkeflaske og litt tursnacks.

Prisar og vilkår

Prisen er kr 1490 per person. Trykk på knappen "Kjøp tur til Lønahorgi nå" for å kjøpe plass. 

 

Gruppestorleik: 1-10 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt. 

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein kompetent guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov. 

  • Transport med rutebuss til og frå Voss. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

Turdetaljar for Lønahorgi over Svartahorgi

Samla distanse: 15-17 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 8 timar på tur.

Samla stigning: 1400 meter. 

Turgradering: Krevjande (sort). 

Familievenleg: Nei. Aldersgrense 12 år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Ja.

 

Korleis finne fram til Staup?

Frå Voss, følg E16 nordover til Løno, om lag 9 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av til venstre og følg den bratte grusvegen opp til parkeringsplassen ved det flotte gardstunet Staup

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Foto:

Svein Ulvund - http://www.vossnow.net/

 

C. Klatretur på austpillaren - ein alpin bestiging

Denne turen gir ein superb men krevjande klatretur til topps på Lønahorgi. Dette er den brattaste og mest direkte ruta til topps, og følger formasjonen som vi kallar austpillaren på Lønahorgi. 

Turen startar med den same anmarsjen som for turalternativ A - Stølsturen til Årdalen. Så snart vi kjem oss opp i sjølve Årdalen, tek vi sikte på den markerte pillaren som leder opp mot toppryggen til Lønahorgi. Vi kryssar nokre elvar og frodige beiteområder, før terrenget reiser seg og går over til klipper og bart fjell. Her tek vi på oss klatreselar, hjelmer og binder oss inn i klatretau. Ruta vi følger er relativt lett, og byr på om lag 5 taulengder (om lag 250 meter) klatring. Guiden din tek leiinga og sørger for sikkert handverk og gode ruteval undervegs. Klatringa går i fjell med god steinkvalitet, og i omgjevnader som er mildt sagt spektakulære. 

På toppen av klatreruta kan vi halde fram til fots utan tau. Det er framleis eit stykke att til topps. Ryggen er nokså lett å gå, men det vil vanlegvis ligge att nokre snøfonner. 

Vel oppe på toppen, nyt vi ein kvil og beundrar utsikta. 

Returen går anten ved å følge ryggen nordover mot Svartahorgi og ned i Årdalen, eller ved å følge grusvegen sørover mot Voss Resort. Det er og mogeleg å rappellere ned austpillaren (5 rappellar) - ein flott snarveg! Gratulerer - du har no gjort ei alpin bestiging av Horgi!

Sesong

Kan tingast kvar dag i perioden 15.juni til 1.oktober.

Kvifor bli med?

Du finn ingen andre klatreruter til toppar i Vossafjella. Dette er ein krevjande, unik og flott klatretur i variert terreng. I starten følger vi vakre fossar, beiteområder og åpen furuskog. Klatringa følger ei naturleg linje på den spektakulære austpillaren.

Klatringa er aldri vanskeleg, men er ei flott og luftig rute til topps. Turen passer for dei som ønsker ei bratt utfordring i flotte omgjevnader. 

Praktiske detaljar

​Vi møtast på kontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 8.30. Derifrå køyrer vi bil til Staup.

Vi er attende på Voss kring kl 19.00.

Krav til deltakarar

Dette er ein krevjande tur i bratt fjellterreng. Du må ha vore på ei rekkje krevande fjellturar tidligare, og vere i god fysisk form.

 

Naudsynte klær og utstyr

På turen treng du dette:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Liten ryggsekk (ca 20 liter).

  • Ei ekstra t-skjorte.

  • Ekstra genser eller lett fleecejakke.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar (teleskop) er ein god idé.

  • Lue eller caps. 

  • Drikkeflaske og solid niste.

  • Klatresele, klatresko, hjelm, taubrems og 3 skrukarabinarar. Du må sjølv ha klatresko, men anna klatreutstyr får du låne utan ekstra kostnad. 

Prisar og vilkår

Prisen er kr 2500 + kr 1500 per person. Denne turen er tilgjengeleg på forespurnad. Send oss gjerne ein epost for meir informasjon og for reservasjon. 

Gruppestorleik: 1-2 deltakarar. 

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein kompetent guide på heile turen.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr. 

  • Leige av klatreutstyr (unntatt sko).

  • Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov. 

  • Transport til og frå Voss med privatbil. 

Turdetaljar for Klatretur på austpillaren

Samla distanse: 15-17 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 8-10 timar frå bil til bil. 

Samla stigning: 1300 meter. 

Turgradering: Krevjande (sort). Klatring opp til grad 4+.

Familievenleg: Nei. Aldersgrense 15 år.

Tilgjengelig med offentleg transport: Ja. 

Korleis finne fram til Staup?

Frå Voss, følg E16 nordover til Løno, om lag 9 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av til venstre og følg den bratte grusvegen opp til parkeringsplassen ved det flotte gardstunet Staup

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Foto:

Svein Ulvund - http://www.vossnow.net/