I Nansen sine skispor over Vossaskavlen

- Ein fjellski-klassikar med ei unik historie

Dette er ein flott og lang tur på fjellski frå Finse via Hallingskeid over Vossaskavlen til Mjølfjell. Fridtjof Nansen kryssa desse fjella på ski midtvinters 1884, truleg som førstemann. Bli med på ei gjenskaping av Nansen sin sagnomspunne skitur både i ord og handling. Vi følger Nansen si rute over fjellet, og les frå turskildringa hans undervegs. Med moderne utstyr og lokalkjend førar kan vi ta oss trygt fram der Nansen sjølv hadde nok med å berge seg. Mjølfjell Mountain Lodge øvst i Raundalen dannar eit historisk riktig endepunkt for turen.

Turdatoar i 2020

13-16.februar, 5-8.mars, 19-22.mars, 26-29.mars og 23-26.april.

Historia

Vinteren 1884 gjennomførte Fritjof Nansen ein sagnomspunne skitur. Etter å ha delteke i ei tevling på ski i Oslo, nytta han ein kombinasjon av ski og hesteskyss for kome seg heim att til Bergen. Frå dei øvste gardane nær Hol i Buskerud satte han kursen over fjellet på ski i retning Uppsete, trass sterke åtvaringar frå dei fastbuande. Han lukkast ikkje i å få med seg ein lokal kjentmann. Med seg hadde han difor berre klea han gjekk i, ein hund til følgesvenn og litt niste i sekken. Han gjekk raskt tom for vatn.

Dei store snømengdene gjorde at han ikkje fann Grøndalssetra nær Hallingskeid, der han visste at han måtte ta av vestover for å finne leia over Vossaskavlen. Han kom for langt nord mot styggbratte Kleivagjelet, der han ikkje kom ned. Han tok seg tilbake mot Grøndalssetra, men var i tvil om vegen vidare. Tida gjekk, og han vart nøydd til å grave seg ned. Etter ei bitter natt gjekk han neste morgon opp på ei høgd for å orientere seg. Han skjøna da kva retning han måtte ta, og la i vei over Vossaskavlen. Dei lange bakkane ned mot Kaldavatni og Uppsete var harde og isete, og han heldt på å skli utfor nokre skrentar nær Uppsete. Historia seier at folket på den næraste garden trudde det var eit troll med ulv til følge som kom ned frå fjellet den kvelden. Aldri hadde nokon kome over fjellet den vegen vinterstid før.

Turen dag for dag

Torsdag: Oppmøte på ærverdige Fleischer’s Hotel på Voss kl 18. Vi et middag i lag og blir kjend. Om kvelden går vi gjennom utstyret og samlast til eit ferdråd. På ferdrådet blir vi einige om planen for turen, og avklarar den einskilde sine forventningar. Turleiar held eit kort foredrag om Nansen, hans band til Fleischer’s Hotell og hans idé om å krysse fjellet åleine på ski.

Fredag: Vi står tidleg opp og et frukost i lag. Toget går frå Voss ca kl 9, og er framme på Finse kring kl 10.15. Vi spenner på oss skia og set kursen nordover i herleg høgfjellsterreng. I Såtedalen kjem vi inn på ruta som Nansen nytta over fjellet. Vi vender nasen mot vest i retning Hallingskeid. Vi passerer vegvisar-fjellet Såta (1558) medan sola synk bakom fjella i vest, og tar fatt på dei slake, lange bakkane nedover mot Rallarvegen. På Hallingskeid innlosjerer vi oss i Bergen og Hordaland Turlag si sjølvbetente hytte. Vi lagar middag med mat frå proviantlageret, og kviler ut med beina høgt. Om kvelden blir det høgtlesing frå Nansen sin beretning, der vi får nokre hint om kva utfordringar vi har i vente neste dag. Samla distanse denne første dagen er om lag 24 km, og estimert tidsbruk inkludert pausar blir 7-9 timar.

Laurdag: Tidleg frukost og klargjering til ein flott turdag i vinterfjellet. Denne etappen byr på nokre bratte oppoverbakkar, ville Vestlandsfjell og friske nedkøyringar. Traséen er krevjande, så det gjelds å treffe på vegvalet. I godt vêr kan vi nyte eit herleg rundskue frå Vossaskavlen (1520). Frå toppen ser vi den vakre Raundalen åpne seg mot vest, ramma inn av kvite fjell. Siste delen av turen er ein sjarmøretappe som går langs Rallarvegen frå Uppsete til Mjølfjell Mountain Lodge. Der blir det herleg middag, kort avslutningsforedrag og overnatting i mjuke senger. Samla distanse blir om lag 24 km, med estimert tidsbruk om lag som dagen før. Om vêret er for dårleg kan det bli naudsynt å vurdere ei enklare rute denne dagen.

Sundag: Heimreise på eige initiativ. Tog går frå Ørneberget stasjon kl 10.40 (retning Oslo) og kl 11.21 (retning Voss/Bergen).

 

Krav til deltakarar

Dette er ein lang skitur utanfor kvista løyper, som stiller krav til skidugleik og turform. Du må vere vand med skiturar på fjellski utanfor preparerte spor i vinterfjellet, og ha gode klede. Du treng ikkje å vere topptrent, men du må tole å vere på skitur med sekk i ver og vind i åtte timar eller meir.

Foto: Crister Aalberg Næss - Active Brands/Åsnes 1922

Kvifor bli med på denne turen?

Fridtjof Nansen sine ekspedisjonar er kjende for mange. Men visste du at han ofte farta på ski i fjella nær Voss, og nytta desse områda til trening før ekspedisjonen til Grønland i 1888? Og at han blir rekna som ein pioner når det gjeld skigåing for moro skuld her til lands? Denne turen fann stad i 1884, før Nansen vart kjent, og har sidan blitt ein fjellski-klassikar. Nytt høvet til å bli med på ei skitur med historisk sus!

 

Vinterstid er det ofte barske vertilhøve i desse områda, og det kan vere krevjande å ta seg over fjellet på ski. Som deltakar på denne turen blir du del av eit felleskap som saman sikrar ein trygg og minnerik skitur for kvarandre. 

 

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens kompetanse og erfaringar frå tidlegare turar i området gjer at han/ho unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område. Guida turar er og ein fin måte å møte nye turvener.

  

Naudsynt utstyr

Du må ha solid fjellskiutstyr som du er godt kjend med. Skia må ha stålkantar. Gode, varme skistøvlar som du har brukt fleire gonger er særs viktig. Hugs feller til skia, skibriller (goggles), termos og drikkeflaske. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, ullsokkar, varm lue, vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad.

 

Detaljert pakkeliste sendast ut til deltakarar i god tid før turen. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om utstyr og førebuingar til turen. 


 

Pris og vilkår:

Pris per deltakar er kr 6750,-

Prisen inkluderar: 

- Leiing av røynd, lokalkjend fjellførar frå Wild Voss på heile turen.

- Leige av naudsynt skredutstyr (spade, sendar/mottakar og søkestong).

- Førarens førebuingar til turen. 

- Tog frå Voss til Finse fredag morgon.

- Kost og losji på Hallingskeid.

- Alt naudsynt sikkerheits- og reparasjonsutstyr.

- Kost og losji (fullpensjon) på Mjølfjell Ungdomsherberge laurdag til sundag.

Ikkje inkludert i prisen:

- Overnatting og måltid på Fleischer's Hotell torsdag til fredag. 

- Tog/reise heim frå Mjølfjell sundag.

- Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

Gruppestorleik

Me treng minst to deltakarar for å kunne gjennomføre turen. Maksimal gruppestorleik: 12.  

På grupper med fleire enn 8 deltakarar blir det med to førarar på turen.

Påmelding og spørsmål om turen

Påmelding skjer ved å klikke på knappen "Kjøp plass på tur nå".  Har du spørsmål om turen så send gjerne ein epost til Øystein Ormåsen:  post@wildvoss.no eller ring 93 48 40 41.

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1, Breinstruktør 1 og NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload