Ski og tog i Raundalen

Guida topptur rett ut av toget!

Raundalen er ei naturperle som strekker seg frå Voss og austover mot Mjølfjell og Myrdal. Her ligg kvite fjell på rekke og rad, med den vakre Raundalsryggen som det mest kjende landemerket. I dei øvre delane av Raundalen ligg togstasjonane tett, og her er det lett å kombinere togtur og skitur. Dei fleste stasjonane ligg i nydeleg skiterreng, anten du vil på topptur eller lufte fjellskia. Her oppe kjem vinteren tidleg og varar lenge. Velkommen til det beste området i landet for «ski and train»-turar!

Guida toppturar tilpassa ditt nivå

Vi har gjort det lettare for deg å velje rett tur. I menyen under finn du nivådelte turar. Vêret og snøtilhøva avgjer kva turplanen blir på den einskilde turen. Guiden veit kor sjansane er størst for å at du skal få ei god oppleving på ski, anten du er nybegynnar eller erfaren. 

20200119_105146.jpg

Lett topptur

Passar for deg som:

  • Er nybegynnar på toppturski.

  • Veit lite om kor det er trygt å gå,

  • Treng hjelp til å bruke utstyret rett.

  • Vil på tur i lett terreng i 3-5 timar.

  • Vil lære det grunnleggande om skred og trygge vegval.

Aktuelle turar:

  • Rjoandeggi (1212) frå Ljosanbotn.

  • Ljosanbotn-Vieren over Kleivafjellet.

  • Vesetfjellet frå Mjølfjell.

  • Bleienuten frå Upsete.

Pris:

Kr 1490,-

20210411_104717.jpg

Middels topptur

Passar for deg som:

  • Har vore på nokre toppturar før.

  • Er vand med å bruke skiutstyret.

  • Har litt skredkunnskap.

  • Vil på turar som varar i 5-7 timar.

  • Gjerne tek ein ekstra topp.

Aktuelle turar:

  • Eilivseggi frå Vieren.

  • Fossdalsskavlen frå Upsete.

  • Øykjafonn frå Upsete.

  • Randotur frå Upsete til Ljosanbotn.

  • Mjølfjellet frå Ljosanbotn

Pris:

Kr 1790,-

Kva får du oppleve?

Det er avslappande å dra på tur med toget. Dessutan er det eit godt miljøtiltak! Tida på toget gir oss tid og høve til å senke skuldrane, nyte utsikta og bli betre kjent.

Raundalen er eit populært hytteområde, men har relativt lite trafikk. Stillheita i dalføret blir berre broten av fløytinga frå toga som passerer. Nede i dalen finn vi bilveg, hytter og oppkøyrde skispor. Over tregrensa ferdast vi stort sett utan å sjå andre folk. Her ligg store, snøsikre områder med avrunda fjelltoppar i alle himmelretningar – perfekte for skiturar. Gled deg til nærkontakt med vakker høgfjellsnatur!

Vi legg vekt på å tilpasse turplanen til vêr, snøforhold og gruppas behov. Målet er at alle skal få kjenne meistring og skiglede undervegs. Planen for dagen legg vi i lag, gjerne med ein god plan B i tillegg.

På guida tur kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å nyte godt av guiden sin kunnskap. Vi legg opp til opne gruppeprosessar som sikrar aktiv deltaking og læring for alle.

Kvifor bli med på ein guida topptur?

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Vi er på ski i Vossafjella heile vinteren. Vi har oppdatert informasjon om snøtilhøve og solid områdekunnskap.

 

Guiden sine erfaringar frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område. Tryggheit gir større turglede!

Typisk turplan

Vi møtast kl 9.15 utanfor vår kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé og Bar i Voss sentrum (Google maps). Der går vi gjennom planen for dagen og sjekkar at alt naudsynt utstyr er på plass.

Lokaltoget går frå Voss stasjon kl 9.52. Etter 40-45 minutt er vi ved startpunktet for turen vår.

Vi spenner på oss skia og legg ut på ein tur som varar i 4-6 timar, avhengig av ruteval. Her finst mange turmogelegheiter både på nordsida og sørsida av toglinja. Sjå døme på turar over.

 

Undervegs på turen får du lære om skred, trygge vegval og få tips om god skiteknikk.

Retur med tog frå ein passande stasjon om lag kl 16. Vi er tilbake på Voss kl 16.52.

Sesong

Frå snøen legg seg i desember til slutten av mai.

Krav til deltakarar

Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Deltakarar må vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka. Du finn meir informasjon om kven turen passar for under kvar turkategori. Sjå menyen over. 

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Guide og kontaktperson

Guide på turen er anten Øystein Ormåsen eller Carlos Abraldes Szigriszt. Begge er fast tilsette og jobbar som guidar og kursinstruktørar i Wild Voss heile året. Begge har gjennomført Norsk Fjellsportforum sitt skredinstruktørkurs, og er NF skredinstruktør 1 Alpint. Øystein er i tillegg del av NVE sitt observatørkorps frå vinteren 2022, og bidrar med jamlege observasjonar til den regionale skredvarslinga. Både Øystein og Carlos kjenner skiterrenget kring Voss svært godt. 

​Har du spørsmål om turen, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til  post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  ​

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre turar må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Oppretthalde god handhygiene.​

Prisar og vilkår

Lette turar kostar kr 1490,- per person (minstepris kr 2980).

Middels turar kostar kr 1790 per person (minstepris kr 3580).

Nedre aldersgrense er 12 år. Maksimal gruppestorleik er 8 per guide (Lett tur). Grupper på 4 eller fleire får 25 % rabatt på prisen.  

Bestill tur ved å klikke på knappen "Send epost", og oppgi når du vil på tur. Vi tek kontakt og gjer nærmare avtale. 

Prisen inkluderer:

  • Guiden sin førebuingar av din skreddarsydde tur.

  • Guiden sine reisekostnader.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Leige av skredutstyr.

  • Turleiing og opplæring undervegs av kvalifisert guide. 

Ikkje inkludert i prisen:

  • Togbilletter.

  • Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

  • Leige av skiutstyr.

Les om våre vilkår for påmelding og betaling (pdf). Vilkåra er oppdaterte i høve koronapandemien.

Spørsmål om føre, forhold eller anna?

Hos oss er gode råd gratis! Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen.

 

Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til post@wildvoss.no .