Sesongførebuing - skredworkshop

Voss Vandrarheim, 17-18.november 2018

Vinteren er på veg! Snart ligg fjella der kvite og innbydande. Klart vi ser fram til å sette sesongens første svingar i urørd snø! Midtvegs i november kan vi håpe at skisesongen er like rundt hjørnet. Da gjeld det å vere klar!

Jobb praktisk med relevante skredtema 

Kursinnhald

Denne helga kan du nytte høvet til å friske opp i kunnskapen du treng for å dra på trygge toppturar. Fjellgutane Førarlag og WildVoss inviterar toppturentusiastar til sesongførebuing og skredworkshop. Vi førebur eit lærerikt og praktisk retta program. Alle deltakarar vert oppmoda til aktiv deltaking og deling av eigne røynsler. 

Workshopen er inspirert av den ferskaste forskninga på snøskred, og introduserar nye metodar og tankesett frå Canada, Sveits, Frankrike og Noreg, samt frå eigne erfaringar i felten. Nyhende som er verd å merke seg er aktiv og praktisk tilnærming til bruk av terrengklassifisering (ATES), ulike system for å utelukke feilkilder, aktiv bruk av moderne hjelpemidler og metoder for å etterstrebe kontinuerlig læring og selvutvikling.

Nokre aktuelle tema: 
- Korleis nytte RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel?
- Turplanlegging og førebuing til topptur.
- Modellar for beslutningstaking i skredterreng. Beslutningsfeller.
- Terrengklassar og terrengfeller.
- Skredproblem i teori og praksis. Alarmteikn.
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?
- Døme på skredulykker - diskusjonar. 
- Søk etter skredtekne.
- Kameratredning og pasienthandsaming.

Sjå også diskusjonstråden i FB-hendinga for forslag til gode tekstar og anna materiell. 

Krav til deltakarar

Du har grunnleggande skredkunnskap og erfaring frå toppturar og køyring utanfor preppa spor.

Praktisk gjennomføring

Workshopen nyttar ein arbeidsform der deltakarane sjøl er aktive og i stor grad bidreg med deling av eigen kunnskap og eigne erfaringar. Vegleiarane (Crister og Øystein) vil ha innleiande presentasjonar om nokre tema, deretter blir det diskusjonar og oppgåveløysing i små grupper. Vi har eit ege konferanserom til disposisjon heile helga.

Vi held oss innandørs størsteparten av tida, men vi vil behandle nokre tema utandørs, til dømes bruk av Sendar/Mottakar. Ta difor med klede til utandørsbruk, og gjerne din eigen Sendar/Mottakar. 

Oppmøtetid og stad

Laurdag 17.november kl 9.30. Workshopen finn stad på Voss Vandrarheim.  Me rundar av laurdagen kl 17, og ét middag saman på Vandrarheimen etterpå. Sundag startar me til same tid, men rundar av seinast kl 16.



Pris

Kr 1750 per person. Prisen inkluderar deltaking på workshop laurdag og sundag, servering av kaffi/te, frukt og lunsj begge dager, samt middag laurdag. Naudsynt kursmateriell er inkludert. Om du ikkje ynskjer middag laurdag, vert prisen kr 1590,-.

 

Overnatting

Vandrarheimen gir deltakarane på workshopen ekstra gode prisar på overnatting med frukost. Overnatting må tingast av deltakarane sjølve. Telefon: 97593888 eller epost: booking@vosshostel.com .

 

Merk: oppgi bestillingskoden "skredworkshop" ved tinging direkte til Vandrarheimen. Da gjeld følgjande prisar: 
Enkeltrom: kr 550 per natt. 
Privatrom for 2: kr 800 per natt.
Privatrom for 3: kr 1 050 per natt.
Privatrom for 4: kr 1 300 per natt.

Sengetøy og handkle er inkludert, gjesten rer senga sjølv.

 

Påmelding

Send epost med navn, telefonnummer og heimeadresse til post@wildvoss.no . Spesifiser om du vil bestille middag laurdag. Faktura for deltakeravgift vert tilsendt på epost. Påmeldinga er stadfesta når betalinga er motteke. 



Spørsmål:

Send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

Du kan og kontakte Crister i Fjellgutane Førarlag:  post@fjellgutane.com eller telefon: 416 67 596.

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1, Breinstruktør 1 og NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload