Skreddarsydde skredkurs

Turplanlegging, kameratredning og trygg ferd i fjellet 

Vinteren er her. Klart vi ser fram til herlege skiturar i urørd snø! Men har du kunnskapen som trengst for å ta deg trygt fram i fjellet? Veit du korleis du bergar kompisen frå eit snøskred? Denne vinteren arrangerer vi fleire spesielt tilpassa skredkurs, både for private og for bedrifter. Eit skredkurs er ein glimrande måte å kombinere flotte skiturar med nyttig læring. 

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Nokre døme på ulike kursformat: 

  • Skredkurs for fjellskiløparar med fokus på turplanlegging, undervegsvurderingar og vegval.

  • Skredkurs for frikøyrarar og toppturentusiastar, med fokus på ferdsel i skredterreng.

  • Kurs i kameratredning og trening på ulike redningsituasjonar. 

  • Teorikveldar med ein introduksjon til grunnleggande skredlære. 

I dei fleste tilfella blir skredlære fletta inn som tema undervegs på tur, slik at eit skredkurs vil innebere mykje praktisk trening og utetid. 

Nokre aktuelle kursmoment: 
- Korleis nytte RegObs, varsom.no og andre nettbaserte hjelpemiddel?
- Turplanlegging og førebuing til topptur eller fjellskitur.
- Modellar for beslutningstaking i skredterreng. Beslutningsfeller.
- Terrengklassar, brattleiksvurdering og terrengfeller på kartet og i praksis.
- Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

- Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?
- Døme på skredulykker - diskusjonar. 
- Søk etter skredtekne med kameratredning og pasienthandsaming.

Krav til deltakarar

Som eit minimum må du ha erfaring frå nokon skiturar og/eller skikøyring i fjellet vinterstid, Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned.

Naudsynt turutstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Skiutstyr kan leigast i Voss Resort eller i Myrkdalen.

Praktisk gjennomføring

Eit typisk skredkurs går over to eller tre heile dagar. Varigheit avhenger av om du ønsker eit fullt grunnkurs skred i tråd med Norsk Fjellsportforum sin standard, eller om du vil ha eit todagars kurs.

 

Fjella kring Voss byr på mange mogelege kursstader. Vi avtalar ein passande stad med den einskilde gruppa. Val av stad heng saman med kva gruppa ønsker å lære. 


Prisar og vilkår

Eit helgekurs (fredag kveld - søndag) for inntil 6 personar kostar kr 16990,- .

I ukedagar (man-fre) er prisen kr 14490,-. Prisen dekker alt naudsynt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

Større eller mindre gruppe? Ta kontakt, så finner vi ei løysing. 

 

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og avhenger av kursstad og reisemetode. 

Les om våre standard vilkår for påmelding og betaling her

 

Kontaktinformasjon:

Om du ønsker eit tilbod på eit skredkurs tilpassa deg og dine vener, send epost med navn, telefonnummer og heimeadresse til post@wildvoss.no . Si litt om kva for kurs du ynskjer og aktuelle datoar.  Faktura for deltakeravgift vert tilsendt på epost. Påmeldinga er stadfesta når betalinga er motteke. 



Spørsmål

Send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload