Skredkurs for damer

Turplanlegging, kameratredning og trygg ferd i fjellet 

Vinteren er nær. Klart vi ser fram til herlege skiturar i urørd snø! Men har du kunnskapen som trengst for å ta deg trygt fram i fjellet? Veit du korleis du bergar turkompisen frå eit snøskred? Dette kurset er spesielt tilpassa damer med interesse for toppturar og friske nedkøyringar. Dette skredkurset er ein glimrande måte å kombinere flotte skiturar med nyttig læring. 

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Dette kurset tek sikte på å gjøre deg i stand til å ivareta din eigen tryggleik på toppturarar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. På kurset får du vore på toppturar i flotte Vossafjell. 

Nokre aktuelle kursmoment: 
- Korleis nytte RegObs, varsom.no og andre nettbaserte hjelpemiddel?
- Turplanlegging og førebuing til topptur.
- Modellar for beslutningstaking i skredterreng. Beslutningsfeller.
- Terrengklassar, brattheitsvurdering og terrengfeller på kartet og i praksis.
- Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

- Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 
- Evaluering av toppturen. Kva lærde du?
- Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 
- Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggjande fyrstehjelp.

Meir detaljert informasjon om kurset vert sendt til deltakarane nokre dagar før kurset starter. 

Krav til deltakarar

Som eit minimum må du ha erfaring frå nokre skiturar og/eller skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Skiutstyr kan leigast i Voss Resort eller i Myrkdalen.

Praktisk gjennomføring

Kurset startar med ein kveldssamling fredag kveld kl 18.00. Vi møtast i våre lokaler på Tre Brør Kafé på Voss, eller på ein nærare bestemt stad som passar for gruppa. På møtet gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggjande skredlære. Vi planlegg ôg turen neste dag. 

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Fjella kring Voss har mange ruter og områder som er godt eigna på kurs. Val av område heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Både laurdag og sundag evaluerer vi turen vi har gjort, med tanke på å lære mest mogeleg.

Kurset avsluttast sundag kveld innan kl 17.00. Alle får kursbevis. 

Deltakarane organiserer sjølv transport, overnatting og alle måltid undervegs på kurset.

 


Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3000 per person. Dette er ein spesialpris for Tindekvindene i Bergen. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå". 

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

Les om våre standard vilkår for påmelding og betaling her

 

Spørsmål

For spørsmål om kursinnhold, utstyr og praktisk gjennomføring, send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

For spørsmål om transport, overnatting, måltid og sosiale rammer - send epost til Gry Offernes: goff@equinor.com  eller ring 48192211.

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload