Snøholetur i Myrkdalen

Ei magisk vinternatt i snøhole

Familie i Snøhole. Foto: Sverre Hjørnevik 

Ei natt i snøhole

Vinteren 2018 kan du bu ei natt i snøhole i Myrkdalen saman med ein guide frå Wild Voss. Me har gravd ei snøhole som passar perfekt for mindre grupper eller familiar som ynskjer ei oppleving utanom det vanlege. I vår solide snøbolig er det lunt og godt sjølv om det bles og er kaldt i fjellet utanfor. Med varme soveposar, stearinlys og noko varmt i koppen, lovar me høg trivsel inne i snøhola. 

Turen startar med at folk og utstyr vert frakta med snøscooter eller tråkkemaskin frå Myrkdalen Hotell til toppen av skisenteret. Ved snøhola håpar me at veret tillet bålkos under stjernene, før me går til ro i snøhola. Neste morgon pakkar me utstyret og går eller renner på ski ned att til Myrkdalen Hotell der me nyt ein god frukost saman på Restaurant Nuten.

 

Kven kan sove i snøhole?

Dette er ein lett tur som ikkje krevjer skidugleik eller røynsle frå turar i vinterfjellet. Du må vere frisk, ha gode vinterklede og godt fottøy. Det er ein fordel om du trivst ute i snøen. Nedre aldersgrense er 3 år.

 

Kvifor bli med på ein guida overnatting i snøhole?

Å bu i ei snøhole er ikkje spesielt vanskeleg, når ho er ferdig. Men gravinga tek tid, og må gjerast rett. Å meistre vinterfjellet er eit handverk. Våre guidar har lang røynsle frå turar i krevjande vinterfjell, og veit kva som skal til for å få ei god natts søvn i snøhola. Nytt høvet til å plukke opp tips og triks slik at du kan overnatte i di eiga snøhole seinare!

 

Standard plan for ei natt i snøhole

Tidene vert tilpassa den einskilde gruppa.

Dag 1:

Kl 18.00: Oppmøte i resepsjonen på Myrkdalen Hotell. Presentasjonsrunde og gjennomgang av plan og naudsynt utstyr. Høve til å justere bekledning, utstyr og anna.

Kl 18.30: Avreise frå Myrkdalsstovo. Transport med tråkkemaskin/snøscooter.

Kl 18.45: Ankomst snøhole. Informasjon om tryggleik og praktiske tilhøve. Innflytting i hola.

Kl 19 – 22: Utetid om veret tillêt. Bålkos med varm drikke og kvelds.

Kl 22.30: Leggetid.

 

Dag 2:

Kl 07.00. Vekking og utpakking. 

Kl 7.30 – 8.00: Avmarsj frå snøhola. Til fots eller på ski saman med guiden.

Kl 8.30: Frukost i Myrkdalen.

 

 

Utstyr

Vind- og vasstett bukse og jakke med hette, ullundertøy, ullsokkar, varm lue, vottar, buff/skjerf, tjukk varmejakke, varme fjellstøvlar/skistøvlar. Snøbriller er lurt. Hugs toalettsaker og ekstra ulltrøye. Ski er valfritt, men anbefalast.

 

Prisar og vilkår

Pris for vaksne er kr 2195 per person. Pris per born under 10 år er kr 1350,-.

Snøholeovernatting må tingast minst 3 døgn i forvegen.

Inkludert i prisen:

  • Transport med scooter/tråkkemaskin.

  • Ferdig gravd, romsleg snøhole.

  • Guide som bur i lag med gruppa i snøhola.

  • Varm drikke og kveldsmat i snøhola.

  • Ferdig rigga utandørs bålplass med ved.

  • Leige av varm sovepose, tjukt liggeunderlag og hovudlykt.

  • Frukostbuffé i Myrkdalen neste morgon.

 

Ikkje inkludert: Leige av skiutstyr, heiskort, middag på ankomstdag (kan kjøpes).

Minste gruppestorleik: 3. Maksimal gruppestorleik: 6.  På forespurnad kan me utvide tilbodet til større grupper. Ta i så fall kontakt for eit tilpassa opplegg.

 

Sesong

Om snøtilhøva tillêt, kan du reservere snøholeovernatting frå og med veke 4 (måndag 22.januar) til og med uke 15. Turar tingast på våre nettsider eller ved å sende epost til post@wildvoss.no

 

Kontaktpersonar

For meir informasjon om snøholeovernatting, send epost til post@wildvoss.no eller ring Øystein på telefon 93484041 eller Knut på telefon 99510683.

Guidane våre

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Breinstruktør 1 og NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell, og er i gang med skredinstruktørutdanninga. Han har arrangert klatrekurs, brekurs og drive med fjellføring i Jotunheimen om sommarane sidan 2005. 

Knut Horvei

Knut er medeigar og styreleiar i Wild Voss. Han er oppvaksen i bygda Bolstadøyri vest for Voss. Han er NF Breinstruktør 1 og har dei siste åra jobba heiltid som fjellførar, mellom anna i TV-serien 71 Grader Nord og som ekspedisjonsleiar for Jarle Trå. Om sommaren driv Knut og med guida laksefiske i Vossovassdraget nær Bolstadøyri. Knut er ein ivrig jegar, skikøyrar, fjellfant og klatrar. 

Please reload

I'm a paragraph. Click here to add your own text and edit me. It's easy.