Sverrestigen

I kong Sverre Sigurdsson sine fotefar 

Lær om Sverre Sigurdsson sin dramatiske veg til makt

Bli med på ein sprek vandretur i historiske omgjevnader! Hausten 1177 kjempa kong Sverre Sigurdsson og hans hær av Birkebeinarar seg austover frå Voss. Dei flykta frå bondehæren som stogga krigstoktet deira. Ruta som Sverre og hans menn tok for å berge livet fekk namnet Sverrestigen. Ei spektakulær, skjult rute ved starten av Raundalen!

Turskildring

Raundalen er eit 25 kilometer langt dalføre som startar ved Rastalii aust for Voss og strekk seg heilt til Upsete. Rastalii ligg ved eit djupt elvegjel med bratte dalsider og glatte svaberg. Ein imponerande inngangsport til dalen! Her startar Sverrestigen, ein av dei mest kjende stiane i Raundalen. Vi merker snøgt kor vill og dramatisk naturen er her, og kor uframkommeleg det ser ut. Det meinte nok Kong Sverre og, for over 840 år sidan!

Hausten 1177 var Sverre Sigurdsson og hans hær av Birkebeinarar på veg til Bergen, men blei stogga av ein stor bondehær like utanfor Voss. Hærfølget til Sverre ynskja da å trekkje seg attende inn i Raundalen, men hovudvegen var sperra av bøndene. Sverre og hans menn måtte finne eit anna alternativ, og slik blei Sverrestigen etablert: ein klyvesti laga av bolter og tømmer, som forserte dei bratte skråningane.

Denne historiske vandreturen startar med at vi tek lokaltoget til Kløve. Etter ein halvtime står vi ved starten av Sverrestigen. Stien er bratt og kan nok synest avskrekkjande ved første augekast. Det finst ôg ein enklare sti vi kan bruke hvis motet sviktar eller forholda er for krevjande.

Vi bestiger Klyvsnolten (730), toppen over Rastalii. På Klyvsnolten tek vi ein vel unt matpause med utsikt: eit herleg 360° panorama over Vossafjella. Etterpå held vi fram i retning av Fjosstølen, som er eit idyllisk stølsområde. Derifrå ruslar vi ned gjennom skogen mot Kløve, på det som var den gamle Raundalsvegen. Returen er udramatisk, men viser kor bøndene stod oppstilt for å blokkere kong Sverre sin retrett.

Fra Kløve returnerar vi til Voss med tog. 

 

Sesong

Daglege turar i perioden 20.mai til 31.oktober. 

Kvifor bli med? 

Med sin ville natur og interessante historie er denne dalen eit ideelt turområde. Rett og slett ei perle, berre nokre få minutt unna Voss! Ruta vår følger vei og merka sti i starten, men går så i stilaust og flott skogterreng opp til Klyvsnolten, som byr på eit flott rundskue. 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Maksimal gruppestorleik er 5 personar, inkludert guiden.

  • Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.

  • Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.

  • Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

 

 

​Praktiske detaljar

Vi møtast på vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé, ved Torget, kl 9.30. Der helser vi på kvarandre og går gjennom bekledning og utstyr før vi set kurs mot toget som tek oss til startstedet. 

 

Vi er attende på stasjonen på Voss ca kl 15.30. Turen tek om lag 5 timar, avhengig av rutevalg.

 

Krav til deltakarar

Denne turen går i terreng med varierande vanskegrad, i hovudsak skogterreng. Hvis forholda tillet, går vi opp sjølve Sverrestigen i bratt og ulendt terreng. Her er det litt luftig, men ikkje utsatt. Du bør vere i brukbart god turform og ha gått på tur utanfor stiar før. Vanskegraden kan tilpassast gruppas ønsker.

 

Naudsynt bekledning og utstyr

På turen treng du:  

  • Gode sko eller støvlar til vandring i skog.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede).

  • Ei ekstra ulltrøye.

  • Solbrillar og solkrem.

  • Vandrestavar er ein god idé.

  • Lue eller caps. 

  • Drikkeflaske og litt tursnacks.

 

​​

​Prisar og vilkår

Prisen for vaksne er kr 1450 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 990 per person. Nedre aldersgrense er 8 år. Trykk på knappen "Kjøp plass på tur nå" for å kjøpe plass. Merk at det er minimum 24 timars førehandsbestilling. Ta gjerne kontakt med oss ved siste-liten forespurnader. 

 

Gruppestorleik: 1-10 deltakarar. 

Inkludert i prisen:

  • Følgje av ein erfaren, fleirspråkleg guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Togbillettar frå Voss til Kløve, t/r. 

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Tog eller annan reisemetode til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.  Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset. ​

​​​

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Sverrestigen turdetaljar

Samla distanse: Om lag 9 km.

Estimert tidsbruk: Om lag 4-5 timar vandretid, avhengig av rutevalg. 

Samla stigning: 600 meter. 

Turgradering: Moderat til krevjande (raud). 

Familievenleg: Ja, for born som har fylt åtte år.