Topptur på ski

Jakta på den gode snjoen!

Vil du oppleve gleda ved å sette førstesporet ned frå toppen av eit fjell eller i leikent skogterreng?  Med ein erfaren og lokalkjend guide frå Wild Voss sikrar du deg ein snarveg til den beste snjoen i Vossafjella. 

Turplan

Været, snøtilhøva og gruppas føresetnader avgjer kva planen blir den einskilde turdagen. Guiden din veit kvar sjansane er størst for å at di gruppe skal få ei god oppleving med trygg og flott skikøyring. Planen avgjer vi i lag, men guiden vil alltid ha førebudd nokre gode forslag. 

Om du ønskjer å dra på tur på eiga hand i fjella kring Voss, ta gjerne kontakt med oss for tips. Vi hjelper deg gjerne. 

Kvifor bli med på ein guida topptur?

Rundt Voss er det mange flotte fjellsider i alle himmelretningar. Mange av dei byr på herleg og trygg skikøyring - sjølv når det er utfordrande skredtilhøve. Ikkje for bratt, men heller ikkje for flatt! Vi veit kvar det er lurt å leite etter den gode snjoen.

 

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens røynsle frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Sesong

Frå snøen legg seg i desember til slutten av mai.

Fysiske føresetnader

Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Du treng ikkje å være røynd skikøyrar eller godt trent for å ha glede av å bli med oss på tur. Det avgjerande er at vi i lag blir einige om ein turplan som passar for ditt nivå.

 

Turens lengde kan variere frå nokre få kilometer med lite stigning til turar på 6-8 timar med mykje opp og ned. 

Naudsynt utstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

 

Skiutstyr kan leigast hos Tindeguide, Voss Resort, eller i Myrkdalen.

Oppmøte

Avtalt plass på Voss. Vi kan organisere henting. 

 

 

Spørsmål om føre, forhold eller anna?

Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller e-post til post@wildvoss.no . 

Prisar og vilkår

Ordinær pris:

Kr 2500,- for gruppa pluss kr 500,- pr person. 

Pris midtveke (måndag-torsdag):

Kr 2000,- for gruppa pluss 400 pr person. 

Av tryggleikshensyn tek vi med oss maksimalt 6 deltakarar per guide.

 

Les om våre vilkår for påmelding og betaling.