Toppturkurs på Voss

Trygge veivalg, kameratredning og turplanlegging

 Kursdatoar i 2022:
28-30.januar, 4-6.februar, 18-20.februar, 25-27.februar (Raundalen) og 4-6.mars.

Vårt 20-timars toppturkurs gir deg skredkunnskapen du treng for å dra på trygge toppturar! Du får to heile dagar ute på topptur, med læringsmoment undervegs. Du vil få trening i å gjenkjenne skredterreng og fange opp fareteikn. Kurset har base på Voss, dermed har vi kort køyring til ei rekke flotte turområder. Det betyr at vi lett kan tilpasse turane til vêr og snøforhold. Slik får vi effektive dagar med mykje læring, sjølv midtvinters.

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Toppturkurs - eit skredkurs for toppturinteresserte

Dette 20-timars skredkurset gjør deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar. Det meste av kurset foregår på topptur i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine forkunnskapar. Vossafjella er snøsikre og har eit rikt utval toppturar som eignar seg godt til skredkurs. Kurset let seg derfor gjennomføre i nær sagt all slags vêr og under alle slags forhold. 

​Skredlære - dette får du lære meir om:

  • Korleis bruke Varsom RegObs og andre hjelpemiddel til turplanlegging?

  • Terrengklassar, brattleiksvurdering og terrengfellar på kartet og i terrenget.

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Kameratredning i skred med søk, utgraving og grunnleggande førstehjelp.

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Toppturkurset passar godt for deg som har lite eller begrensa førehandskunnskap. Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du veit korleis du kler deg for skiturar i høgfjellet vinterstid. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med lett sekk på ryggen, både opp og ned. 

 

 

Naudsynt ski- og turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med lange feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. 

Toppturkurset - plan for gjennomføring

Dei fleste av toppturkursa våre vil ha base på Voss Vandrarheim (Google maps). Vi har halde fleire kurs og foredrag på Vandrarheimen, og blir alltid møtt med vennleg betjening og upåklageleg service. Her har vi tilgang på møtelokale og kan kjøpe mat ved behov.

 

Merk: Helga 25-27.februar går toppturkurset på Kårdal Fjellstove (Google maps). Det ligg rett aust for Mjølfjell i Raundalen, om lag 55 minutts køyring frå Voss. Her bur vi midt i skiterrenget. Slik sparar vi reisetid kvar turdag. Les meir om Kårdal Fjellstove på deira nettstad

Omtrentleg tidsplan for toppturkurset:
 

Fredag: 

18.00: Oppmøte, presentasjonsrunde og kursstart. Fint om du har spist middag før oppmøte.
18.15 - 20.30: Presentasjon av kursplan. Grunnleggande skredlære - teoriøkt.

20.30 - 21.30: Planlegging av topptur laurdag. Bruk av skredkort, kart og Varsom RegObs.

Laurdag

8.30: Oppmøte og avreise. 

9.30 - 16.30: Topptur med læringsmoment. Vi jobbar med terrengvurdering, trygge vegval, fareteikn og øver på kameratredning. Alle får ta aktivt del i beslutningar og øvingar.

17.00: Tilbake på kursstaden. Pause med middag.

19.00-21.00: Felles økt med oppsummering av dagen. Nye læringsmoment. Planlegging av topptur søndag.

Søndag:

8.30: Oppmøte og avreise. 

9.30 - 16.30: Topptur med læringsmoment. Deltakarane får være meir sjølvstendige denne dagen. Gjenkjenning av skredterreng, vurdering av skredproblem, risikoreduserande tiltak og skikompis-mønster står høgt på agendaen denne dagen. Alle får ta aktivt del i beslutningar og øvingar.

17.00: Tilbake på kursstaden. Felles kursavslutning med evaluering. Alle får kursbevis.

18.00: Heimreise.

 

Om overnatting og måltid:

Du må i utgangspunktet sjølv ordne med overnatting og måltid på kurset. Voss Vandrarheim tilbyr rimeleg overnatting og serverar god mat som i hovudsak er kortreist eller økologisk. Vi anbefalar alle deltakarar å spise middag i lag både laurdag og søndag. 

På kurset 25-27.februar har du høve til å bestille overnattingsplass i leilegheit på Kårdal Fjellstove. Leilegheita har 4 køyesenger fordelt på to rom, med stue og eige kjøkken. 

Transport:

​Deltakarar organiserer sjølv transport til og frå kurset. Det blir høve til samkøyring laurdag og søndag.

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre kurs må: 

  1. Føle seg friske og være utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  3. Oppretthalde god handhygiene undervegs på kurset.

 

​Prisar og vilkår

Toppturkurset kostar kr 3950,- per person. Familiar med minst to vaksne (over 18 år) og to barn betaler kr 2995,- per person. Inkludert i prisen:

  • Arrangøren sitt forarbeid.

  • Deltaking på 20-timars kurs med NF-sertifisert skredinstruktør (to heile dagar og to kveldar).

  • Leige av kurslokale tre kveldar.

  • Alt naudsynt kursmateriell (skredkort, kartutskrifter, skrivesaker og anna materiell).

  • Lån av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M) ved behov.  

  • Dekking av alle instruktøren sine kostnader.

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå". Kurset har 6 plassar. Vi må ha minst 3 påmeldte for å kunne gjennomføre kurset. Nedre aldersgrense: 16 år. Deltakarar under 18 år må ha attest frå føresette for å kunne delta. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Vilkåra tek omsyn til Covid-19.

 

 

Kursinstruktørar og kontaktperson

Kursleiarar er anten Øystein Ormåsen eller Carlos Abraldes Szigriszt. Begge er fast tilsette og jobbar som guidar og kursinstruktørar i Wild Voss heile året. Begge har gjennomført Norsk Fjellsportforum sitt skredinstruktørkurs, og er NF skredinstruktør 1 Alpint. Både Øystein og Carlos kjenner skiterrenget kring Voss svært godt. 

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til  post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vêr og forhold utviklar seg før kurset. Les vêrvarselet for området i veka før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjonar frå nærområdet.

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag).

«Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .