Trugetur på Hanguren

Nyt vinterlandskapet høgt over Voss - utan ski!

Video: Hunnalvatn Media

Truger gjer det lettvint å gå tur i djupsnøen og nyte vinterlandskapet. Bli med vår guide på ein rundtur nær toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper. Her finn vi flott fjellterreng med glimrande utsikt over Voss og fjella rundt.

Turskildring

Trugeturen på Hanguren passar godt for deg som vil ha ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina. Vi tilpassar turplanen til deltakarane. Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Hvis du er av den lekne typen, vil du kanskje nytte moglegheita til å skli ned små skrentar, klatre i eit tre eller følgje rypespora.

Møt guiden utanfor billettluka i Voss Resort (Google maps). Guiden går gjennom bekledning og utstyr, og sørger for at alle er utstyrt og klare for ein trugetur til fjells. Vår guide rustar deg med ekstra klede og varmt fottøy om naudsynt. Vi bruker stolheisen til å nå startstaden for trugeturen, på toppen av Hanguren, om lag 800 meter over havet. Her oppe er det ofte sur vind, så du set fort pris på dei gode og varme kleda. 

 

Det er ôg mogeleg å kombinere trugeturen med ein tur med Voss Gondol. Dette avtalar vi før turen. Merk: Ved dårlege snøtilhøve i Bavallen kan det bli naudsynt å bruke gondolbanen for å kome til topps. 

På våre trugeturar vil guiden gjerne hjelpe deg til å auke kunnskapen om vinterfriluftsliv. Kanskje du vil lære å fyre bål med ein fyrstikk? Eller lage enkel mat på bålet? Guiden fortel gjerne om naturen og nærområdet som vi ferdast i, og vil sjølvsagt sjå til at du held varmen undervegs. 

Guiden tek med lokal turmat som vi lagar på leirbålet. Bålkjelen gjev varm drikke til alle. Hvis vêret er dårleg, går vi saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du oppdagar raskt at tida ved bålet gjev deg høve til å nyte skogens ro – fjernt frå kvardagen.  ​

Vi returnerar til heisanlegget og tek stolheisen ned att til startstaden vår. Heisturen ned er både luftig og morosam!

Sesong

Vi opnar førjulssesongen allereie 20.november! Fram til 12.desember kan du bli med på rabatterte trugeturar som har til formål å skape god førjolsstemning. Kombiner trugeturen med eit jolebord på Voss, så blir opplevinga komplett! Sjå info om prisar nedanfor.

Ordinære turar arrangerast dagleg så lenge heisanlegget i Voss Resort er åpent. 2021-sesongen startar 13.desember 2020 og sluttar 18.april 2021.  

Kvifor bli med på guida trugetur? 

Turen er ein fin smakebit på klassisk, norsk vinterfriluftsliv. Truger er langt stødigare og lettare å meistre enn ski, og gjer vinterfjellet meir tilgjengelig for dei fleste. Området nær Hanguren byr på super utsikt over Voss og fjella rundt.

Praktiske detaljar

​Møt opp utanfor billettluka (Google maps) i Voss Resort Bavallen kl 10.00. Ta gjerne kontakt med oss om du treng hjelp til å finne fram. Vi kan ordne transport ved behov. Ekstra kostnader vil påløpe.

Du står fritt til å nytte eigne klede og sko på turen, så lenge guiden vurderer dei som gode nok.

Krav til deltakarar

Dette er ein enkel og familievennleg tur. Turen passar for friske deltakarar som vil bruke litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan være surt og kaldt. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.

 

Du treng ikkje tidlegare erfaring frå trugeturar eller frå andre turar i vinterfjellet.

Naudsynte klede og utstyr

På turen trenger du følgende klede:  

  • Langt ullundertøy.

  • Varme ullsokkar.

  • Vind- og vasstette klede (skallbekledning).

  • Varme, vasstette fjellstøvlar/vinterstøvlar.

  • Lue.

  • Hansker eller vottar.

  • Solbriller om naudsynt.

 

Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks.  

Prisar og vilkår

Ordinær pris for vaksne er kr 1390 per person.

Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 890 per person.

Familiar (maks 3 vaksne + 3 born): kr 4170.

Grupper, 4-8 personar: kr 1090 per person.

 

Nedre aldersgrense er 8 år.  Gruppestorleik: 2-16 deltakarar. Merk: Vi må ha minst to påmeldte for å gjennomføre turen. 

I førjolsesongen, frå 20.november til 12.desember, har vi spesialprisar for deg som ynskjer førjolstemning med bålkos. Kjøp guida trugetur med eller utan gondolbillett inkludert. Prisar inkludert gondol tur-retur: Vaksen: kr 1290 per person. Familietur: kr 3950,-. Gruppepris for grupper med 4-8 pers: kr 1050,- per person.  Minste gruppestorleik i førjulssesong: 4. 

 

Inkludert i ordinær pris:

  • Leiing av ein erfaren guide på heile turen.

  • Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på leirbålet.

  • Truger, skistavar, snøbriller (goggles) og hovudlykt.

  • Ubegrensa tilgang til ekstra varme klede, til dømes vottar, lue, ullgenser, ullhals og ullsokkar.  

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr. 

 

Ikkje inkludert i ordinære prisar:  

  • Heiskort eller billett på Gondolen.

  • Eksterne transporttenester. Vi kan ordne transport om ønskeleg. Ekstra kostnader vil påløpe.​

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

Litt om ansvarleg turisme og bærekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

For reservasjon, spørsmål og anna

Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  .