Fleirdagars topptur med overnatting på hytte. Wild Voss gjennomfører guida variasjonar av denne ruta – tilpassa ditt erfaringsnivå – med alt inkludert.
Konseptet er enkelt: Vi startar frå Voss Resort og tek sikte på Myrkdalen. Konseptet er ikkje nytt – dette var ein klassisk fjellskitur som var populær frå 1960- til 90-talet, ofte gjennmført i påsken. Turen på fjellski gjennom austsida av høgfjellsplatået i Stølsheimen er i seg sjølv er ein magisk opplevelse. Nokre få gjekk turen på éin enkelt dag, men det var meir vanleg å overnatte ei natt eller tvo på DNT-hyttene undervegs.

Vår moderne vri på turen er optimalisert for randonee-utstyr. I staden for å følgje vidda, sklir vi opp og ned dei etterfølgjande dalane langs ruta. Her finn du noko av det beste terrenget på Voss for cruisecarving, frikøyring og ekte fjellfred. Mykje av terrenget er ikkje nødvendigvis lett å nå på dagsturar, derfor er det svært få som sett spor her.
Å fullføre heile traversen er ein utruleg gjevande opplevelse. For meg er noko av det beste med turen å tilbringe ei natt på vidda i ei av dei koslege hyttene langs vegen. Rein magi.

Ruta:
Her er eit framlegg til ruteval der vi i hovudsak held oss i skredterreng klasse 1 og 2. Oppstigningar er markerte med svart, og nedkøyringane med blått.
- Det første kartet startar i Voss Resort, når Lønahorgi og endar opp på Tvinnestølen. Ein tur på om lag 18 km og 1300 høgdemeter stigning.
- Det andre kartet startar på Tvinnestølen, når Svartenut og Reppeggi, og endar opp på Nyestølen. Dette er om lag 25 km med 1400 høgdemeter stigning.
- Det siste kartet startar på Nyestølen, søkjer ein nedkøyring til Skjervheimstølen, går vidare opp til Finnbunuten og avsluttar i Myrkdalen Fjelllandsby. Ein etappe på om lag 27 km og 1700 høgdemeter stigning.



Dette rutevalet er berre eit utkast som legg opp til tvo nedkøyringar kvar dag, og oppsøker lange dagar med både gåing og skikøyring. Ruta passar truleg best for lange vårdagar med stabilt vêr. Det finst kortare variantar av turen, og det finst fleire ulike alternativ for både opp- og nedstigning. Det er òg mogleg å legge inn eit ekstra stopp på Torvedalshytta for å dele den siste dagen i tvo. Nedst i artikkelen har vi eit framlegg til ei rute som passar godt for ein helgetur, og ei anna for ein femdagars tur med ein kviledag undervegs. Sjekk dei ut!
Utfordringane med ein skitur over Stølsheimen
Å planleggje og gjennomføre denne ruta kan vere krevjande. Det er snakk om store avstandar og mange høgdemeter som skal dekkjast. Samstundes kan dei fleste opp- og nedstigningane gjerast i terrengklasse 1 og 2.
Navigering på vidda:
Det kan fort verte krevjande å kome seg fram og halde tryggleiksmarginen på vidda. Ruta inneber lange strekk over eksponert høgfjellsterreng for å knyte saman dei ulike dalane. Sjølv om dette opne landskapet er ein heilt sentral del av magien med turen, kan det òg verte ekstremt krevjande i dårleg vêr. Uvêr og vind treff platået med full kraft, og å navigere under slike tilhøve kan snøgt kjennast både orienteringslaust og intenst. Det krevst skarpe ferdigheter, fokus og respekt for elementa.
Å vere rask og trygg med kart og kompass er heilt avgjerande. Kartkunnskap er kritisk sjølv på solskinsdagar: overgangane frå det avrunda platået og ned i nedkøyringsterrenget startar nesten alltid over breie, konvekse terrengformasjonar. Her er du avhengig av å kunne triangulere deg rett for å unngå terrengfeller.

Mobildekning.
På det meste av høgfjellsplatået, inkludert ved hyttene på Tvinnestølen og Torvedalshytta, har du ikkje mobildekning. Det inneber tre viktige ting:
For det første – og viktigaste – får du høve til å kople heilt av frå kvardagen og vere til å nytte opplevelsen. For det andre er det ikkje særleg lurt å stole blindt på telefonen og kart-appar for navigasjon. For det tredje må du ha ein plan B for å kommunisere dersom det oppstår ein naudsituasjon. Ein satellittelefon eller ein Garmin inReach gjer jobben her.
Planlegg ei dalovernatting og alternativsruter.
Når du planlegg turen, må du definere dine eigne «points of no return» – du må vite under kva tilhøve du skal snu før du bevegar deg ut på vidda, og du må til ei kvar tid kjenne den næraste nødutgangen. Alltid ha ein attraktiv plan B!
Å legge inn ei overnatting (eller tvo) nede i dalane kan vere lurt. Det finst ingen DNT-hytter nede i desse dalane, men Engjaland Fjellstova tilbyr overnatting og har i tillegg ei privat hytte på Nyestølen. Dette er eit fantastisk utgangspunkt for dagsturar og pudderkøyring på dagar med dårleg sikt og uvêr. Sidan Engjaland Fjellstova er tilgjengeleg med bil, er det òg den perfekte staden for ein kviledag – anten du vil ta ein dagstur til fjorden, mjukne opp beina i badstua, eller berre la uvêret gå over før du held fram på ferda.
Logistikken.
Tvinnestølen er ei ubetjent DNT-hytte. Det tyder at ho er utstyrt med senger, dyner, puter, kokeutstyr og innedo, men ho har ikkje matlager. Torvedalshytta er sjølvbetjent, noko som inneber at ho har eit matlager som i hovudsak er fylt med hermetikk og tørrvarar. Du registrerer berre det du tek ut via DNT-appen, og betalar på nett i etterkant.
Skal du gå over fleire dagar gjennom desse dalane, kan ein tung sekk full av mat ødelegge mykje av skigleda. I Wild Voss set vi opp eit eige logistikknettverk i forkant av turane våre, slik at gjestene kan gå med lette dagstursekkar og samstundes nyte nydeleg, lokal gardsmat undervegs. Sjølv om frysetørka turmat gjer jobben, meiner vi at å ta med gjester til ein tradisjonell støl utan å servere ekte, lokal mat, er å gå glipp av halve moroa – det er ein heilt essensiell del av opplevinga!


Tilpass turen din
På grunn av alt dette planlegg vi kvar versjon av «Voss Haute Route» på ein personleg og skreddarsydd måte. Vi vel ulike variantar av ruta frå gong til gong, alt etter kva føre og vêr vi får, samt kva form, nivå og forventningar gruppa har.
Med nokre grupper held vi oss til etapper på maksimalt 15 km og 1200 høgdemeter om dagen, medan andre grupper vil pakke inn minst tvo lange nedkøyringar kvar einaste dag. Ruta vert som regel justert etter vêret på kort varsel, og ein solfylt uke vil sjå heilt annleis ut enn ei helg med uvêr.Denne turen er svært fleksibel og modulær. Vi har god erfaring med å levere kortare variantar som passar perfekt for ei langhelg, men òg med å planlegge heile traversen som ein femdagars tur med ein innlagt kviledag undervegs.
Samstundes likar vi å halde turen ekte og autensisk. Vi prøver alltid å krysse av følgjande punkt på kvar einaste tur:
- Minst ei overnatting på ei hytte oppe på sjølve høgfjellsplatået.
- Minst ei overnatting nede i ein av dei avsidesliggjande dalane.
- Gode, heimalaga måltid levert frå lokale gardar.
- Opplevinga av å krysse fjellplatået på tvers over minst éin samanhengande etappe.
- Sjælvsagt – å køyre så mykje god snø og utforske så mange ulike fjell som mogleg!

Framlegg til ein langhelgtur:
- Dag 0: Ankomst Voss. Overnatting og middag på Store Ringheim hotel. Briefing, planlegging og pakking av sekk.
- Dag 1: Start frå Voss Resort; Lønahorgi; Kråni.
- Dag 2: Kråni; Svartenut; Skreiavatn.
Frå Skreiavatn kan vi anten ta ein ekstra tur opp på ein ny topp, eller ta den meir direkte ruta ned til vegen. Vi avsluttar turen med ein skikleg Smalahovemiddag og overnatting på Voss.
Framlegg til ein femdagars tur:
Dette er eit døme på ein meir krevjande variant for grupper i god form.
- Dag 0: Ankomst Voss. Overnatting på Store Ringheim Hotel. Informasjonsmøte, planlegging og pakking av sekk.
- Dag 1: Start frå Voss Resort; Lønahorgi; Tvinnestølen.
- Dag 2: Tvinnestølen; Svartenut; Skreiavatn; Reppeggi; Reppabotn.
- Dag 3: Kviledag med båttur på Nærøyfjorden, badstue og eit friskt bad i fjorden.



- Dag 4: Reppabotn; Blåeggi; Torvedalshytta.
- Dag 5: Torvedalshytta; Høgde 1235; Skjervheimsstølen; Myrkvesberget; Myrkdalen.

Takk for at du tok deg tid til å lese om «Voss Haute Route». Ynskjer du at vi skal organisere og guidinga turen din?
Send oss ein e-post til post@wildvoss.no. Fortel oss kva slags oppleving du ser etter, kor mange de er i gruppa, og kva datoar de har tilgjengeleg. Vi svarar snøgt med eit fyrste prisoverslag, ein turplan og nokre gode framlegg.
Vart du inspirert av denne fleirdagsturen, og har lyst til å sjekke ut fleire alternativ med fjordutsikt rundt Voss? Då kan «Nærøyfjord Haute Route» vere akkurat det du leitar etter!