Skredkurs 2021

Vi har fleire års erfaring med å arrangere skredkurs i Vossafjella. Våre kursplanar følgjer tilrådingane frå Norsk Fjellsportforum (NF). Kursleiar er sertifisert NF skredinstruktør. 

Bli med på skredkurs og lær det som trengst for å ferdast trygt i vinterfjellet!

DSC_3130.jpg

Voss, 5-7.februar  

Kurset har fokus på turplanlegging, kameratredning og vegval. Kurset tek sikte på å gjøre deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar. Vi har base på Voss og legg turane våre til nokon av dei klassiske skitoppane i nærområdet. 

Pris:

Kr 3650,-

utgraving_glede.jpg

Toppturkurs
for menn

Mjølfjell, 26-28.februar 

Dette kurset er for menn som vil lære det som trengst for å dra på trygge toppturar.  På kurset lærer du om turplanlegging, kameratredning og trygge vegval. Kurset gjer deg sjølvstendig og tryggare på eigne beslutningar ute på topptur. 

Pris:

Kr 3650,-

god_stemning.jpg

Skreddarsydde kurs for grupper

Velg dato sjølv.

Denne vinteren arrangerar vi fleire spesielt tilpassa skredkurs for private grupper. Kanskje noko for deg og dine venner? Skredkurs er ein fin måte kombinere læring med flotte turar. Vi har gode kontaktar, og syr gjerne saman eit komplett kurstilbod med overnatting. 

Gruppeprisar frå:

Kr 12950,-

vurdering_veivalg_800x600.jpg

2 og 9.januar. 22.februar. 5.mars.

Skred losnar ikkje kvar som helst og når som helst. Sjølv på dagar med varsla skredfare finst det skiturar du trygt kan gjennomføre. På dette dagskurset lærer du nokre metodar som gir sikre svar på kva terreng som er trygt å gå i og kva terreng du bør unngå.

Pris:

Kr 990,-

DSC_3130.jpg

21-24.januar
11-14.februar 
 

Vårt mest innhaldsrike skredkurs! Dette skredkurset er eit samarbeid med Scandic Voss og går over tre heile dager. Kurset inkluderer ein dag i Voss Resort. To av dagane bruker vi til planlegging og gjennomføring av toppturar.

Pris frå 

Kr 7300,-

stemning_i_snøvær_SiljeH.jpg

Mjølfjell, 19-21.februar 

Dette kurset er for damer som vil lære det som trengst for å dra på trygge toppturar.  På kurset lærer du om turplanlegging, kameratredning og trygge vegval. Kurset tek sikte på å gjere deg meir sjølvstendig og tryggare på eigne beslutningar ute på topptur.

Pris:

Kr 3650,-

DSC_5107_edited.jpg

Voss, 23-25.april

Eit introduksjonskurs for erfarne skikøyrarar som ynskjer å bestige alpine toppar på ski. I tillegg til skredlære tek kurset for seg tema som rappell, bruk av stegjern og isøks i bratt snø og redning frå bresprekk. Raundalen utanfor Voss byr på relevant kursterreng. 

Pris:

Kr 3850,-

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Wild Voss AS |  post@wildvoss.no | +47 93484041  | Org nr 916 006 500 

Dokumentasjon og vilkår