![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
---|---|---|---|
![]() |
Opplev vinteren i
Vossafjella
Vinterprogram 2021
Toppturkurs
og skredkurs
Vinteren er her! Klart vi gler oss til herlege
skiturar i urørd snø! Men har du kunnskapen
som trengst for å ta deg trygt fram i fjellet?
Veit du korleis du bergar kompisen din frå
eit snøskred?
Til vinteren arrangerer vi fleire toppturkurs, for alle nivå. Eit skredkurs er ein glimrande
måte å kombinere flotte skiturar med nyttig
læring.
Guida topptur
Utforsk urørt snø i vakre Vossafjell med
guide frå Wild Voss. Med godt turhandverk
og solid lokalkunnskap legg vi til rette for ei
trygg og minnerik oppleving i vinterfjellet.
La føraren ta ansvar for turplanlegging og
trygge vegval, så kan du konsentrera deg
om å nyte naturen og skiopplevinga. Vi
tilpassar turen til dine ønsker og
ferdigheiter.
Bli med ein lokalkjend og erfaren førar på
ein sprek fjellskitur med ei unik historie.
Gå inn i rolla som Fridtjof Nansen og bli
med på hans rute over fjellet.
Undervegs rekapitulerar vi hans
sagnomspunne beretning frå 1884.
Turdatoer 2021: 18-21.mars, 8-11.april og 22-25.april. Skituren kan og tingast i eit tidsrom som passar for deg.
Trugetur på
Hanguren
Truger gjer det lettvint å gå tur i djupsnøen og nyte vinterlandskapet.
Bli med vår guide på ein rundtur nær toppen av Hanguren, like utanfor Voss Resort sine skiløyper.
Her finn vi flott fjellterreng med glimrande utsikt over Voss og fjella rundt.
Trugetur i
Raundalen
Trugeturen til Raundalen gir deg ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina.
Vi tek deg med på guida tur langs den vakre Raundalselva. Området nær Mjølfjell byr på lettgått turterreng i fjellskog med mange turmoglegheiter.
Dette er ein enkel og familievenleg
tur der vi oppsøker skogen i full
vinterdrakt.
Breiskrednosi -
Nærøyfjorden
Bli med på guida fjellskitur til toppen av
Breiskrednosi, fjellet som ruvar 1189 meter
over Nærøyfjorden.
Undervegs får du sjå korleis fjellnaturen
endrar seg. Lær om reinjegarane som levde
her for tusener av år sidan. Kjenn på
kroppen kva 40 istider har gjort med
landskapet du ferdast i.
Dette er ein mektig og krevjande tur som
byr deg rike turminner.